Hopp til innhold

To timar ventetid og fleire kilometer med kø

På den dagen med mest trafikk i heile året for sambandet Mannheller–Fodnes er den eine ferja ute med tekniske problem. Køen strekk seg i fleire kilometer.

Køen ved Mannheller strekk seg fleire kilometer.

MANGE I KØ: Køen etter tunnelen viser at det framleis er lang ventetid på Mannheller - Fodnes. (Foto: NRK-TIPSAR)

Statens vegvens opplyser at det vil bli sett inn ei ekstra ferje på sambandet klokka 15.00.

– Det er no to timar ventetid på ferjesambandet, fortel Roger Nedberg Hille hjå Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Han fortel at på ferjesambandet Hella – Dragsvik – Vangsnes er det ikkje kø eller ventetid, så om folk kan køyre andre vegar, anbefaler han det.

Køyrer to timar lenger, men sparar tid

– Dette er den største trafikkdagen grunna at fotballcupen Lerum Cup avsluttast, så det er nok den største trafikkdagen i løpet av heile året, seier vakthavande i Fjord1, Torbjørn Vik.

Ingvill Drægni frå Sogndal var i ferjekøen, men har valt å køyre ein annan veg.

– Køen strekk seg no frå kaia og nesten til Kaupanger. Vi skal til Austlandet, men har bestemt oss for å køyre over Sognefjellet. Det tar to timar meir, men eg trur vi sparar tid på det, seier Drægni.

Ho har aldri sett køen så lang og fortel om oppgidde reisande.

– Veldig mange snur no, fordi dei er oppgidde og har venta lenge. Det må vere meir enn ein time ventetid, fortel Drægni.

Ber reisande velje ein annan veg

I dag tidleg fekk dei ikkje B-ferja i rute, noko som fører til redusert kapasitet.

– Vi har mannskap undervegs og ei ferje som ligg i Lærdal. Men denne kjem nok ikkje i rute på sambandet før godt ut på ettermiddagen, seier Vik.

Fjord1 har gått ut og anbefalt reisande mot Bergen om å køyre via ferjesambandet Hella–Vangsnes, samt sagt at reisande må rekne med ventetid.

Ferje