Hopp til innhold

Ferja krasja i kaien

Ferja "Førdefjord" braste inn i ferjekaien på Smørhamn i Bremanger i ettermiddag.

Ferja Førdefjord

Ferja Førdefjord ligg ved kai med skader i baugen.

Foto: Åge Senneset, Fjordenes Tidende

Augevitne fortel til NRK at det var ein svært kraftig smell.

- Eg såg at maling dryssa ned frå taket, seier passasjeren.

Ferja Førdefjord
Foto: Åge Senneset, Fjordenes Tidende

Teken av vindkast

Ifølgje Fjord1 Fylkesbaatane skal ingen personar vere skadde, men ferja skal ha fått så kraftige skader at ferja vert innstilt.

Kapteinen har opplyst at sterk vind skapte problem då ferja skulle til kai.

- Han heldt på å snu båten for å gå til kai med akterenden først. Då kom eit vindkast som gjorde at han vart kasta mot kaihjørnet. Det vart skade på både baugen og kaien, seier vakthavande ved Fjord 1 Fylkesbaatane, Georg Tornvik.

Innstilt

Det blir ikkje sett inn ny ferje på strekninga fordi det er så dårleg ver i Smørhamn.

"Førdefjord" trafikkerer strekninga mellom Smørhamn og Kjelkenes og det er plass til 24 bilar. 

Tornvik seie at det neppe blir ferje på strekninga i kveld.

- Ferja må reparerast og det er meldt svært dårleg ver.