Trafikkulukka skjedde like før 14:30 og ambulanse, politi og brannvesen rykka ut til staden.
Ulukka skjedde like ved Skarstein i Olden då dei eine bilen har kome over i motgåande køyrefelt. Det var glatt på staden.
Samtlege av dei åtte involverte personane vart først sendt til lege, men seinare frakta til Førde sentralsjukehus.
Politiet opplyser at det i eine bilen sat ein familie på fem personar. Mor og far på høvesvis 45 og 46 år vart begge lettare skadde og får poliklinisk behandling. Ein gut og jente på 11 år, samt ein gut på 13 kom uskadde frå ulukka.
I den andre bilen sat tre tenåringar. To år 16 år gamle gutar og ein 18 år gamal gut kom også frå ulukka med lettare skader. Alle dei tre er lagt inn ved vanleg avdeling.
Vegen var ein periode stengd medan bilane vart berga, men er no opna att.