Sjå kven som forvilla seg ned pipa til Stig

Stig Oldeide ante ingen ugler i mosen då han skulle inn i hytta for å lese av straumen. Men brått kom det deisande ei svær ugle ned gjennom pipa!

Ugle på hytta

SJELDAN GJEST: Peisen til Stig Oldeide var ingen verande plass for den noko forvirra fuglen.

Foto: Stig Oldeide

Både hytteeigaren og fuglen var nok like sjokka og forvirra. Uglemor (eller far?) prøvde så godt det lot seg gjere å kome seg ut av eldstaden.

– Eg fekk til slutt hjelp av han som er dagleg leiar på skisenteret her i nærleiken. Vi kasta ei gamal boblejakke over ugla og fekk baksa den ut. Den var i fin form, men temmeleg nedsota, fortel ein lattermild Oldeide til NRK.

Ugle i peisen

PÅ VEG UT: Etter litt baksing var ugla på veg attende til fridomen.

Foto: Stig Oldeide

Hytteeigaren i Hjelmelandsdalen i Nordfjord var snar med å forevige den sjeldne peisgjesten.

Eg såg med ein gong at det var ei stor ugle. Det er første gong eg har opplevd dette. Eg har opplevd at det har vore småfuglar som har falt ned i peisen, men aldri ei ugle, fortel Oldeide.

– Veit du kva slags ugleart dette er?

– Nei, he he. Men det veit kanskje lesarane? undrar Oldeide.

Veit du kva slags ugle som forvilla seg ned pipa til den lett fortvila hytteigaren i Nordfjord? Send oss då gjerne ein epost på sf@nrk.no - vi deler ut ein liten premie til nokon av dei som kan hjelpe oss med å løyse uglegåta.