Hopp til innhold

Fekk nytt løyve til å avlive jerv

Fredag blei det skote ein jerv mellom Årdal og Luster i indre Sogn. På få veker har seks jervar blitt avliva i området.

Jerv felt under jervejakt i Sogn.

HAR FELT SEKS DYR: Fredag blei den sjette jerven avliva i indre Sogn (Arkivfoto)

Foto: Statens Naturoppsyn-Aurland

Regional rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn, Rein Arne Golf, seier dei har teke ut jervetispa etter at Direktoratet for naturforvaltning fatta vedtak om ekstraordinært uttak.

Golf fekk meldinga torsdag og same dag var dei opp med helikopter for å finne jerven. Dei fann den siste på bakgrunn av spormeldingar og observasjonar, slik at dei visste omtrent kva dei skulle leite.

– No har vi avliva dei jervane direktoratet har gjort vedtak om, så no blir det ikkje gjort meir frå vår side.

Det er meir jerv i distriktet i år enn i fjor og bøndene har vore uroa for dyra sine. Difor har det blitt gitt løyve til å regulere jervestammen i indre Sogn.

Det er ikkje mange veker sidan dei tok to hann-jervar, ei tispe og dei to ungane hennar. Alle dei seks jervane er funne i området der dei har funne spor tidlegare.

– I vinter samla vi ekskrement og sendte til DNA-analyse. Den viste at det var fire vaksne dyr i området, to hannar og to tisper.

Analysane av jervane som er skotne i mai, vil vere klare i byrjinga av juni. Først då vil Statens Naturoppsyn vite om snakk om dei same dyra.

Jerv i Sogn

AVLIVA: Dette er dei to ungane som blei avliva i Mørkridsdalen i byrjinga av mai.

Foto: SNO-Aurland, Rovviltseksjonen