Hopp til innhold

Fekk designpris for syltetøyglas

Lerum har i ettermiddag fått «Merket for god design» for vellukka bruk av design.

Marte Grevsgard

FEKK GJEV PRIS: Mart Grevsgard i Norsk Design viser fram syltetøyglaset som Lerum har fått utmerking for.

Foto: Erlend Sæteren (pressefoto)

Utmerkinga blei tildelt under Designdagen i Oslo og Lerum får den for utviklinga av to syltetøyseriar. «Merket For god design» vert delt ut av Norges Designråd og er ein av dei eldste og gjevaste prisane innan norsk design.

– Må sjå godt ut

Trine Lerum Hjellhaug

STOLT: Direktør Trine Lerum Hjellhaug seier at design er viktig for dei.

Foto: Anne Lise Urdal

Direktør Trine Lerum seier det er heilt nødvendig med satsing på design for å lukkast.

– Det er kjekt å få ei stadfesting på at det vi gjer er bra. Design er viktig for å selje eit produkt. Det må sjå godt ut, i tillegg til å smake godt.

Stor effekt av nytt glas

I haust blei Lerum-konsernet nominert til utmerkinga «Design Effekt» for serien «Lerums utvalde». Den gong var det Nille som stakk av med prisen.

Ideen om dei nye syltetøyglasa kom då serien Bestemor Lerum ikkje selde like mykje som dei håpa på. Dermed bestemte dei seg for å snu den negative utviklinga.

Då dei tok i bruk den nye designen som likna på det karakteristiske norgesglaset. I tillegg henta dei fram igjen den gamle signaturlogoen frå 1928. Dermed auka Lerum salet med 55 prosent. Lerum hadde ikkje trudd at nytt glas ville ha så stor effekt.

– Det hadde eg eigentleg ikkje trudd. Vi har brukt mykje pengar på utvikling og marknadsføring, men det er heilt naudsynt for å få gode resultat.