Hopp til innhold

Tørrmat, gløgg og ullundertøy på julaftan - desse jentene skal feire jul på Hardangervidda

I år skal dei fire Sogndalstudentane feire jul på Hardangervidda. Her skal dei øve seg til vårens store høgdepunkt.

Jul på Hardangervidda, Safarijentene

TELTJUL: Hardangervidda vert heimen til desse jentene i jula.

Foto: privat

Noko heilt anna enn juletradisjonar står på menyen for dei fire jentene Anne Marthe Kvale (22), Stine Merete Moe (23), Astrid Lemme (24) og Ragnhild Tangen Bergsland (22) når julekvelden nærmar seg.

I år blir det verken ribbe eller juletre på jentene, men snø skal dei få nok av. For i år skal dei fire Sogndal-studentane feire jul på Hardangervidda.

18. desember starta dei på turen og i heile ti dagar skal dei vere vekke. Med seg har dei pulk og full oppakning. Juleturen som dei sjølv kallar det er ei opplading til vårens store prosjekt.

– Då skal vi gå over Svalbard, seier Kvale.

(Artikkelen held fram under biletet)

Safarijentene

SAFARIJENTENE: F.v.: Anne Marthe Kvale frå Hokksund, Stine Merete Moe frå Oslo, Ragnhild Tangen Bergsland frå Oslo og Astrid Lemme frå Bergen.

Foto: svalbardsafari.blogspot.no / privat

– Det var i jula vi hadde tid

Jentene som til vanleg studerer ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er no i full gang med å førebu seg til Svalbardturen. I jula øver dei seg på gruppedynamikk, turrutinar og navigering. Dei første dagane var dei i Finseområdet. Planen var å gå Hardangervidda på langs, men det har blitt litt endringar undervegs.

– No er vi på Krækkja. Vi er studentar alle saman, så det har vore litt eksamensstress den siste tida. Difor hadde vi ikkje fått sett inn GPS-punkt på kartet og det er det som er litt av hensikta med turen, fortel Kvale.

Grunnen til at det var juleferien som blei tidspunktet for turen var av den enkle grunn at alle hadde fri.

– Det er veldig mykje skule når det ikkje er ferie, så då fant vi ut at juleferien var då vi hadde tid, seier Kvale.

Kanskje ein tepose ekstra

Julefeiringa i år blir altså i telt for fire jentene.

– Vi tenkte litt på at det er mogleg å gå innom Rauhellern turisthytte, men eg trur vi har enda opp med at når vi først gjer dette så har vi lyst til å gjere det i telt, fortel Kvale.

– Korleis skal de skape julestemning i teltet?

– Det blir eit par julegåver heimanfrå som vi har teke med oss, elles blir det gløgg og spekemat. Til middag blir det nok vanleg tørrmat og kanskje ein tepose ekstra eller kakao i koppen, ler Kvale.

(Artikkelen held fram under biletet)

På tur over Hardangervidda, Safarijentene

UT PÅ TUR: Vêret har ikkje vore det finaste seidane jentene reiste, men det synest dei er heilt topp.

Foto: privat

Saknar eit kryssord

– Det blir jo ein heilt anna type feiring og det har vi innstilt oss på. Det blir ikkje fyr i peisen og ribbe på bordet. Her blir det tørrmat og ullundertøy, ler Kvale.

– Er det noko de kjem til å sakne no i jula?

– Julestemninga får vi jo ikkje, men eg saknar eit kryssord, det hadde vore ideelt å ha hatt med seg på tur, ler Kvale.

Sjølv om klesbunaden er ein heilt annan i telt på Hardangervidda enn rundt juletreet i stova, klagar ikkje jentene.

– Det å kunne sitte i ullundertøy og at det er sosialt akseptert, er heilt topp, ler Kvale.

Dårleg vêr – men det vil dei ha

Julestemninga manglar slår dei fast. Jentene føler nesten at det vinterferie. Men etter tre dagar på tur kan jentene likevel slå fast at dei ikkje angrar seg.

– Vi er veldig fornøgde, men vi kom over ein skikkeleg uvêrsperiode her. Då fekk vi verkeleg testa teltet og turrutinar i forhold til det å setje opp campen og den ned att utan å sei så mykje.

Kvale fortel at ho hadde høyrt at det var blitt sagt på nyheitene at ein ikkje skulle ferdast på Hardangervidda.

Campen på Krækkje, Safarijentene

CAMP: I dette teltet skal Safarijentene feire jul i år.

Foto: privat

– Men her er no vi da. Vi har i grunnen ikkje hatt så veldig mykje fint vêr, men det var i grunnen det vi hadde håpa på, slik at vi fekk testa litt, seier ho.

Dei har brøyta ca. gjennomsnitt 30–50 cm med nysnø kvar dag. Så dei meiner det går litt seint, men trur dei no har lagt bak seg om lag 30–40 kilometer.

Den opphavlege planen var å gå frå Finse, til Krækkja, til Rauhelleren, Heinseteren, Tuva og opp Hallingskarvet tilbake til Finse.

– Vi ser at vi flyttar oss ikkje så mykje på grunn av vêret, så då må vi kanskje korte ned ruta litt.

Dei har også vore heldige som har fått sponsorar som sponsar dei med utstyr og mat.

God stemning og godt selskap


– Kva seier familiane om at de reiser vekk i jula?

– Nei, det er nok litt delte meiningar, alle vil jo på ein måte samle døtrene sine i jula, men dei er veldig inneforstått at vi skal på tur og at vi må gjere denne turen før den store turen til våren, seier Kvale.

No nyt dei tida på fjellet i godt selskap av kvarandre og stemninga i teltet er god.

– Det er utruleg herleg å vere her. Det å planleggje ein tidagars tur er ikkje berre berre. Utruleg mykje skal klaffe i forhold til mat og utstyr, fortel jentene.