Hopp til innhold

Feira born sine rettar

I dag er det 25 år sidan FN vedtok Barnekonvensjonen. Dette vart markert fleire stader i fylket i dag, mellom anna på Vassenden skule i Jølster.

Fanfare til Barnekonvensjonen

FANFARE: Barnekonvensjonen er 25 år. Elevane på Vassenden skule har laga ein eigen fanfare til markeringa.

Foto: Elias Engevik / NRK

Elevane har jobba hardt i forkant av arrangementet, både på skulen og på kveldstid.

– Eg synst det er veldig viktig å fremme born sine rettar, fordi det òg er born i Norge som ikkje har det så bra. Då er det veldig viktig å vise fram at vi har 42 rettar alle born. Og viss du ikkje har det, så må du gje lyd frå deg, seier Krister Smaadal i elevrådet på Vassenden skule.

(Artikkelen held fram under biletet)

Heisa flagg

TIL TOPPS: FN-flagget blir heisa.

Foto: Elias Engevik / NRK

Gjeld i nesten alle land

Barnekonvensjonen vart vedteke i 1989, trådde i kraft i 1990 og vart ratifisert av Norge i 1991. Konvensjonen inneheld 42 punkt som fortel kva rettar alle born skal ha.

Mellom anna gjeld det rett til å gå på skule, rett til kvile, fritid og leik og rett til å seie meining si. Konvensjonen gjeld i nær sagt alle land i verda utanom Vest-Sahara, Sør-Sudan, Taiwan, Somalia og USA. Dei to siste vurderer ratifisering.

På Vassenden skule vart jubileet feira med flaggheising, talar og dans.

– Det har vore eit veldig kjekt arrangement. Eg synest det er veldig viktig at vi minner elevane på korleis alle born skal ha det, seier Smaadal.

Markering på Vassenden

SAMLA: Elevane samla seg for å heise FN-flagget og høyre talane under markeringa av jubileet.

Foto: Elias Engevik / NRK