Hopp til innhold

Feil grunneigarar fekk pengar

Mistanken i bygdesamfunna Kvalheim og Kråkenes var rett. Fleire vindmøller i Mehuken kraftverk står på andre eigedomar enn ein rekna med.

Vindmøller

AVGJORT: Nordfjord jordskifterett har avgjort at det er grunneigarane på Indre Kvalheim som har eigedomsretten der fleire av vindturbinane til Mehuken står.

Foto: Roald Levi Halsør

Nordfjord jordskifterett har no avklara kven som faktisk eig områda der delar av Mehuken sine vindturbinar er plassert . Konklusjonen er klar: Grunnen er eigd av Indre Kvalheim.

Frå jordskifteprotokoll

PROTOKOLL: Dette er ei side av jordskifteprotokollen frå 1880 til 1882.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I fleire år har dermed Kvalheim Kraft betalt kompensasjon for leige av areal til feil grunneigarar.

– Dommen er komen nyleg, så vi har ikkje fått høve til å gå over og diskutere den, men eg konstaterer at vi har fått medhald i det som var vår påstand, seier advokat Paul Inge Angelshaug, som representerte grunneigarane på Indre Kvalheim.

– Ingen konflikt

Til grunn for saka ligg ein mistanke som siste tida har breidd seg i bygdesamfunna Kvalheim og Kråkenes. Gamle jordskifteprotokollar frå 1880-talet tydde nemleg på at det var andre grunneigarar enn ein tidlegare trudde som eig området som no er utleigd til vindmølleparken.

Kvalheim Kraft har skrive avtalar om kompensasjon med personane dei eigde området anlegget står på.

Angelshaug presiserer at det ikkje er tale om ein konflikt, men heller eit behov for å få avklara eigarforholda på fjellet.

– Basert på jordskifteretten si avgjerd i dag, så tyder det på at grunneigarane på Indre Kvalheim har vore rette rettigheitshavarar til delar av området, seier Angelshaug.

NRK har vore i kontakt med grunneigarane på Myre og Ytre Kvalheim som til no har fått leigeinntektene. Ragnar Myre, som er talsperson for grunneigarane, seier dei ikkje ynskjer å la seg intervjue om saka no, og syner til advokaten deira, Thomas Christian Jarning for kommentarar. Det har så langt ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Jarning.

Trengde avklaring

Angelshaug legg til at avgjerda per no ikkje er rettskraftig. Fristen for å anke er ein månad frå dommen er forkynt.

– Kan det vere aktuelt å krevje tilbakebetalt leigeinntekter som er betalt feil?

– No er avklaringa komen i dag, så den diskusjonen er ikkje ynskjeleg å gå inn på no. Det har ikkje vore noko ynskje førebels frå mine klientar om å sjå seg tilbake i tid, men om eit behov og ynskje om å få ei avklaring og derifrå ta det vidare framover.