Hopp til innhold

Får verdas største vindmølle

Fredag vart det klart at Øygarden skal få verdas største vindmølle.

Nautnes i Øygarden

DEN STØRSTE: Øygarden fekk i dag melding om at dei får den største vindmølla i verda til øya. Her frå Nautnes.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Olje- og energidepartementet har i dag gjeve konsesjon til å byggja ei vindmølle på opptil 10 MW på Ljøsøyna i Øygarden.

- Bakgrunnen for søknaden er å få testa og kvalifisert ein vindturbin med svært stor installert effekt, heiter det i ei pressemelding frå Olje- og energidepartementet.

Testing av ein slik type vindturbin vil leggja til rette for demonstrasjon av ny teknologi, og vera viktig for seinare satsing på havvind.

Noregs vassdrags- og energidirektorat gav fyrst konsesjon til vindmølla, men då vart vedtaket klaga på av Norsk Ornitologisk Forening og Norges Miljøvernforbund. Regjeringa meiner likevel ikkje at vindmølla vil utgjera ein fare for verneverdiane i det aktuelle området.

Glad ordførar

– Dette er i tråd med kommunestyret sitt ynskje og vedtak, seier ordførar i Øygarden, Olav Martin Vik til NRK, fredag ettermiddag.

Han meiner at dei vil få mykje merksemd sidan dette er verdas største vindmølle.

– Det er positivt fordi det er snakk om å utvikla ein ny type vindmølle som skal stå ute i sjøen. Det er óg snakk om fornybar energi-produksjon, og den ynskjer kommunen å vera ein del av, seier han.