Hopp til innhold

Har fått endeleg avslag - får ikkje byggje i strandsona

Fylkesmannen har gitt endeleg avslag i saka om å bygge på Søre Glavær i Gulen.

Den gamle gjestgjevarstaden på Søre Glavær

GAMAL GJESTGJEVARSTAD: Eigarane har jobba i årevis med å setje i stand den gamle gjestgjevarstaden på Søre Glavær. Men Fylkesmannen i Hordaland set no endeleg stoppar for at han skal få bygge skjenkestove, båthus og smie på tuftene av det som ein gong var.

Foto: NRK

Den gamle handelsstaden ligg svært aude til og planen var å bygge på tuftene av tidlegare bygg. Men setjefylkesmannen i Hordaland er redd privatisering. Eigar Oddmund Straume er oppgitt.

– Det er ingen hus å sjå i nokon retning, så det verkar heilt malplassert, seier han.

Endra ikkje meining etter synfaring

Etter å ha kjempa mot fylkesmannen lenge, har Oddmund Straume fått eit siste avslag. Eigarane har jobba i årevis med å setje i stand den gamle gjestgjevarstaden på Søre Glavær. Men Fylkesmannen i Hordaland set no endeleg stoppar for at han skal få bygge skjenkestove, båthus og smie på tuftene av det som ein gong var.

Saka har blitt behandla to gonger av setjefylkesmannen etter at NRK sette fokus på saka. Men etter å ha tatt synfaring har dei ikkje endra meining.

– Når ein ser kor tomt det er rundt oss, så har eg vanskeleg for å sjå at privatiseringsgraden forandrar seg, seier Straume.

Heng ikkje på greip

Fylkesleiar i Høgre og lokalpolitikar i Gulen, Arve Mjømen, meiner det er kritikkverdig at eit regelverk som er meint for tettbygde strøk, blir brukt i strandsona i Gulen. Lokalpolitikarane har støtta bygging, no meiner han sivilombodsmannen bør sjå på saka.

– Dette heng ikkje på greip. Eg vil håper og trur at Sivilombodsmannen kan vurdere dette, men nokon må opne det opp mot han, seier Mjømen.

Vurderer å ta saka vidare

Avdelingsdirektør hjå Fylkesmannen i Hordaland, Else-Kristin Foss Vikenes, meiner det er rett å nekte bygging.

– Gulen ligg i ei sone der det er mindre strengt, men likevel krevst det dispensasjon. Det er verdiar på denne staden som tilseier at området ikkje skal privatiserast ytterlegare, seier ho.

Oddmund Straume seier han vurderer å ta saka vidare.

– Slike urimelege avgjerder kunne vore greitt å følgt opp vidare, seier han.

Created by InfoDispatcher

SJÅ TV-SAKA: Fylkesmannen er ikkje samd i ønsket om å restaurere den gamle smia. Foto/redigering: Ole André Rekkedal (TV-saka er frå oktober 2013)