Det er Direktoratet for naturforvaltning (DN) sitt råd til fylkesmannen.
Lukt og lydar
Viken ynskjer å bruke ein sjølvkonstruert bås til å fange gaupe i Guddalen, men DN finn ikkje at båsen er i tråd med gjeldane regelverk. Vidare er det heller ikkje tillate å bruke levande åte, skriv direktoratet til fylkesmannen. Viken forstår at enkelte kan ha problem med at levande høns vert brukt som åte, eller lokkeduer.
- Om det er det som er saka, så kan vi spele inn hønselydar på CD og berre ha lukta av høns i gaupebåsen, føresler Viken ovanfor avisa Firda.