Hopp til innhold

Fannemel klar for avslutningsrennet

Anders Fannemel kvalifiserte seg laurdag til det siste rennet i den tysk-austerrikske hoppveka.

Anders Fannemel

KLAR: Anders Fannemel kvalifiserte seg laurdag til det fjerde og siste rennet i den tysk-austerrikske hoppveka.

Foto: NTB SCANPIX / Reuters

Honndølen strekte seg til 125 meter, og enda til slutt på 36. plass med 109,7 poeng. Og er dermed blant dei 50 som får starte søndagens avslutningsrenn i Bischofshofen.

Her møter Fannemel austerrikske Michael Hayboeck i duellen.

– Eg trefte ikkje heilt timingen i hoppet, og det vart litt uryddig, sa Fannemel til NRK etter hoppet.

Alle dei sju norske hopparane kvalifiserte seg konkurransen laurdag.

Heimefavoritten Wolfang Loitzl var best i kvalifiseringa, med polske Kamil Stoch på andre plass. Tom Hilde var beste nordmann på 3. plass - 2,3 poeng bak Loitzl.

Anders Jacobsen enda på 6. plass, Rune Velta vart nummer 20, Andreas Stjernen nummer 24, Anders BArdal nummer 38 og Vegard Swensen nummer 49.