Lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, seier det er snakk om store mengder smuglarvarer.
– Vi har teke hand om 1000 liter øl, 100 liter sprit og 6000 sigarettar, seier han.
Varebilen blei stoppa i Førde laurdag etter spaning og samarbeid med andre etatar.
Dei fire mennene som no er fengsla, er frå Aust-Europa og er i 20-30-åra. Tvinde seier at smuglargodset skulle til Førde, men vil ikkje seie noko om kven som skulle ha det.
– Det er bra at vi får hand om dette. No er spørsmålet om dette har pågått lenge eller om det er første forsending, seier han.
– Kor ofte kjem de over så mykje smuglarvarer?
– Det er sjeldan. Eg hugsar ikkje sist vi fann slike mengder.
Lensmannen har ikkje tal på kor store beløp som er unndrege toll og avgifter.
– Men vi veit at det er snakk om forteneste i titusenkronersklassen på ein slikt tur.
Saka blir no etterforska vidare av politiet.