Hopp til innhold

Fann sakna skiløpar omkomen

Den 50 år gamle Preben Ole Kaspersen frå Danmark vart i går funnen omkomen i Aurlandsfjella.

Kaspersen har vore sakna sidan før påske.

Ei gruppe med leitemannskap på åtte samt ein hundeekvipasje fann mannen like over fire onsdag ettermiddag.

Mann (50) sakna i Aurlandsfjella

Fann ski

Det vart bestemt at leitemannskap skulle ta opp att søket etter den sakna når snøsmeltinga var komen i gong.

Operasjonsleiar hjå politiet Olaug Holme seier det no var så gode forhold i fjellet at det var mogleg å starte nye søk.

- Dermed kunne dei ta seg opp i fjellet og leite, seier operasjonsleiaren.

Like før klokka to i går ettermiddag fann leitemannskap eit par ski. Og like over klokka fire fann dei den omkomne Kaspersen under brefallet til Blåskavlen.

Informerer pårørande

Mannskap frå Røde Kors har med jamne mellomrom vore oppe i området for å undersøkje om det var mogleg å gjenoppta nye søk.

- Den omkomne vart frakta ned frå fjellet etter at dei fann han osndag.

- Han vil bli teken hand om av dei pårørande, seier Holme.

Sakna sidan påske

Den 50 år gamle familiefaren la ut på ein skitur mot Blåskavlen onsdagen før påske. Men han kom aldri heim.

Det vart gjort fleire søk i dei påfølgjande dagane og vekene etter at han var meldt sakna. Men på grunn av vêr og snøforholda i fjellet vart leiteaksjonen avslutta.