Hopp til innhold

UP stoppa varebil med to personar i lasterommet

Då UP kontrollerte køyretøy i Sogndal i ettermiddag, fann dei plutseleg meir enn berre varer bak i ein utanlandskregistrert varebil.

UP-kontroll

IKKJE LOV: UP fann to personar i lasterommet på ein varebil under ein kontroll i Sogndal. Illustrasjonsfoto

Foto: Kjell Mikalsen / NRK

For i tillegg til dei tre personane som sat i førarhuset, fann politiet også to personar bak i lasterommet på varebilen.

Det er ikkje lov å frakte fleire personar i eit køyretøy enn det køyretøyet er registrert for. Dermed vart det utferdiga eit førelegg for overlast. Det vart også skrive ut to gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Ifølgje operasjonssentralen i Sogn og Fjordane er gebyret for denne type overlast på 2000 kroner.