Hopp til innhold

Fann hjort drepen av rovdyr

Ein turgåar fann onsdag ein daud hjort som er drepen av eit rovdyr på Slinde i Sogndal.

Sogn Avis skriv at hjorten hadde ei flerre i halsen og at den eine foten er vekke. Hjorten blei funnen om føremiddagen av nokre turgåarar.

Oppsynsmann Einar Fortung har sett kadaveret og er ikkje i tvil om at det har vore eit rovdyr på ferde.

– Men eg kan ikkje seie sikkert kva slags dyr det er snakk om, seier han til avisa.

No er prøvar å eksrementer sendt til Statens Naturoppsyn.