Hopp til innhold

Enzo fann sakna bilførar etter ulykke

Ein bilførar var sakna i over 11 timar etter ei trafikkulykke. Til slutt vart han funnen av politihunden Enzo.

Daniev Stenvig og politihunden «Enzo»

FANN FØRAREN: Hundeførar Daniev Stenvig og politihunden Enzo fann sjåføren som var sakna i om lag 11 timar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg vart overraska då vi fann han, for då hadde det gått nesten 12 timar, seier hundeførar Daniev Stenvig i politiet.

Det var klokka fire i natt at politiet fekk beskjed om at ein bil hadde krasja ved Lotetunnelen på Nordfjordeid.

Då politiet kom til staden, fann dei ein bil med materielle skader, men føraren var forsvunnen. Det blei leita i fleire timar etter sjåføren.

– Vi har vore i kontakt med familie, vi har gjort søk der personen bur og snakka med meldaren. Men vi har ingen opplysningar på kvar personen kan vere, sa Tormod Hvattum lensmann i Nordfjord tidlegare i dag.

Bilkrasj Lotetunnelen

FORLATEN: Bilen som krasja på sørsida av Lotetunnelen var forlaten. Politiet leita i mange timar etter føraren.

Foto: Stad Lensmannskontor

Søkte med store styrkar

Airbagen var utløyst, og bilen hadde fått større skader i frontpartiet.

Politiet starta søk med hundar og redningsskøyte. Etter fleire timar bestemte politiet seg for å førebels avslutta søket og redningsskøyta returnerte til Måløy.

Då hadde Stenvig og Enzo søkt eit par timar i krevjande kratt-terreng.

Fekk tips

Like før kl. 15, over 11 timar etter at ulykka skjedde, kom meldinga om at føraren av funnen i nærleiken av ulukkesstaden.

– Eg fekk tips eg måtte følgje opp. Eg fann ikkje personen der, men så gjekk det ikkje lang tid før hunden markerte, seier han.

Sjåføren var bevisst då han blei funnen og vart sett til av ambulansepersonell. Han vart deretter sendt til legevakt. Skadeomfanget er framleis ukjent.

Redningsskøyte ved Lotetunnelen.

SØK: Det har vore gjort søk med hundar og redningsskøyte etter at ein krasja bil var forlaten ved Lotetunnelen på Nordfjordeid.

Foto: HRS Sør-Norge

ULYKKESSTADEN: Ulykka skjedde like utanfor E39 Lotetunnelen.