Hopp til innhold

Familieterapeut: – Det er ikkje no de skal snakka om problema i forholdet

No brukar folk mykje tid saman med familie og folk i husstanden, og etter ei stund kan det fort oppstå konfliktar. Bent Are Iversen har funne ei løysing som fungerer i familien hans.

Bent Are Iversen (bak) luftar seg saman med ungane på ein tom leikeplass.
F.v.: Lasse Iversen (10), Sigurd Iversen (7), August Iversen (4)

NØDVENDIG MED UTELEIK: Bent Are Iversen har tatt med seg barna, Lasse (10), August (4) og Sigurd (7) på ein tom leikeplass. Med stengde barnehagar og skular har barna behov for å springa av seg litt energi.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

– Det vert mykje tid farmføre ulike skjermar, men me har gjort ein del andre ting òg, seier Bent Are Iversen.

Han fortel at familien mellom anna har laga sitt eige monopol-spel. At dei bygger med lego, les meir enn vanleg og at dei prøver å både laga og eta måltida saman.

– Me prøver å halda på rutinane, faktisk meir enn til vanleg. Om morgonen sett eg meg ned og lagar timeplanar over dagen til ungane. Eg legg til dømes inn tid til å gjera leksene, lunsj og utetid. I tillegg trur eg det er viktig å planlegga nokre avbrot i løpet av dagen for å hindra at det oppstår konfliktar, fortel Iversen

Dei gongene det likevel oppstår konfliktar seier han at det er viktig at dei tek ein pause frå kvarandre. Då prøver han å gje barna sine aktivitetar dei kan gjera aleine på rommet sitt.

Bent Are Iversen leiker med med barna sine, Lasse Iversen (10) og August Iversen (4) på ein elles tom leikeplass i koronatida.

KJEKT MED FAMILIETID: På grunn av korona har familien Iversen hatt mykje tid saman i det siste. Det trur far Bent Are Iversen er med på å styrka familiebanda. Her leikar han med barna Lasse Iversen (7) og August Iversen (4).

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

Det tipset støttar familieterapeut Rebekka Skaar. Ho meiner det er lurt både for barn og vaksne å trekka seg litt tilbake og bruka litt tid for seg sjølv.

– Eit råd er å prøva å roa seg sjølv heilt ned. Det kan òg vera lurt å prøva å utsetta dei største diskusjonane til de har litt meir luft og handlingsrom. Sjølv om ordet raus kan vera litt vanskeleg er det viktig å vera romhendt ovanfor dei ein bur saman med.

Rebekka Skaar, familiterapeut i Bjørgvin familiekontor

TIPS: Familieterapeut Rebekka Skaar trur det kan vera lurt å sjå på andre familiemedlemmar som kollegaer eller klassekameratar på dagtid. På den måten kan det vera lettare å behalda struktur i dagane.

Foto: Privat

Ho fortel at det er viktig å anerkjenna at me er inne i ei tid som er litt ekstra krevjande for alle.

Likevel er det noko som er endå viktigare: dialog med dei ein bur saman med. På familiekontoret reknast det som det aller viktigaste for å ha det greitt saman.

– Det er viktig å vera nysgjerrig på korleis dei andre har det og kva dei er opptekne av. Det finst mange samlivsappar for dei som vil ha litt hjelp til å finna gode spørsmål å stilla kvarandre. Døme på slike appar er Happy Couple og Card decks.

– I samtalane bør ein unngå å snakka om problema i forholdet eller korona. Det bør heller vera eit forsøk på å ta ein pause frå korona og tenka på noko anna.

Senk forventningane

For dei som har barn heime og arbeider på heimekontor meiner Skaar det er viktig å senka krava til effektiviteten på arbeidsdagen. Og at det er lurt å snakka saman om kva forventningar dei ulike familiemedlemane har til kvardagen framover.

Trass utfordringar trur ho likevel at det kan koma gode ting ut av koronakrisa. Til dømes kan ein finna på nye og eigne måtar å vera saman på.

– Tidlegare kriser har vist at slike tider får fram det besta i oss, då spesielt med tanke på omsorga vår til kvarandre.

Bent Are Iversen leikar med ungane på ein elles tom leikeplass. Eit pusterom i koronakvardagen.
August Iversen (4) og Sigurd Iversen (7)

STAS: Sigurd (7) og August (4) synest det er ekstra stas at far Bent Are Iversen er med på leiken.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

Iversen er einig i at tida med stengde skular og barnehagar kombinert med heimekontor ikkje treng å enda i ei familiekrise.

– Eg trur faktisk dette kan vera med på å styrka familiesamhaldet. Me veit me skal vera saman ei stund framover anten me vil eller ikkje. No er det å ta vare på kvarandre som står i fokus, og det synest eg er heilt greitt.