Hopp til innhold

Fall fire meter ned på betonggolv

Mann i 50-åra send til sjukehus med luftambulanse etter fallulykke i Samnanger.

Arbeidsulykke i Samnanger

RETT I BETONGGOLVET: Ulykka skjedde i samband med montering av ein rubbhall på eit anleggsområde.

Foto: Brigt Olav Gåsdal

Ulykka blei meldt klokka 10.18.

– Ein mann fall fire meter ned på eit betonggolv. Han er frakta til Haukeland med luftambulanse. Det skal ha vore ei alvorleg ulykke, seier operasjonsleiar Inger Myrtvedt i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Klokka 14.30 melder sjukehuset at mannen i 50-åra er kritisk skadd.

Fallykka skjedde i samband med montering av ein rubbhall på eit anleggsområde ved Sætervika. Mannen skal ha ramla ned frå ein lift.

Det pågår arbeid med den nye Tyssetunnelen i området. Den 2300 meter lange tunnelen skal gå mellom Gaupholm/Sætervika og Tysse på fylkesvei 48.

– Det går sterkt inn på oss alle. Vi håpar at det går bra med vedkomande, og tankane våre går til familien, seier seksjonsleiar Gunhild Vangsnes i Statens vegvesen til bt.no.

Arbeidstilsynet er varsla om ulykka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.