Hopp til innhold

- Må ha fleire lærarstudentar

Søkjarar til lærarutdanning i Oslo har ein karakter betre i snitt enn søkjarane til Sogndal.

Høgskulen i Sogn og Fj. - skilt
Foto: NRK

- Dette er ei viktig utdanning for fylket og skulen, så me håpar å få tak i fleire på restetorget no. For me bør absolutt ha fleire enn dei 12 studentane som er kvalifiserte, seier Opptaksleiar Arnstein Menes ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

- Kan ha vore uheldige

Medan ein må ha 4,5 i karaktersnitt for å kome inn på lærarutdanninga ved Høgskolen i Oslo, har alle som tilfredsstiller minimunskravet om 3,5 i snitt fått tilbod om studieplass ved lærarutdanninga i Sogn og Fjordane.

På grunnskuleutdanninga frå første til sjuande trinn er det berre 12 av årets søkjarar til høgskulen i Sogndal som tilfredsstiller karakterkrava om minst 3,5 i snitt frå vidaregåande skule. Menes avviser likevel at dei som har fått tilbod om plass, er fagleg svake.

- Eg kjøper ikkje den direkte. Dette kan handla om at dei har vore uheldige på ein enkel eksamen, til dømes matematikk.

Kjem ikkje inn i Oslo

Bård Johannesen, studieleiar ved Høgskulen i Oslo, fortel dei lærarstudentane som ikkje har gode nok karaktera til å koma inn i hovustaden, hamnar på andre høgskular.

- Me må jo avvisa søkjarar. Ettersom me ikkje har meir enn 320 plassar, vil jo dei som ikkje kjem inn her søkja seg til andre lærarhøgskular.

- Kvifor trur du det er så mykje meir populært med lærarutdanning i Oslo enn distrikta?

- Me ligg sentralt i hovudstaden og er lett tilgjengelege.

Opptaksleiar Menes meiner søkjartala må verta betre til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

- Om det vert veldig få framover, må me gjera ei ny vurdering på om dette tilbodet kan halda fram