Hopp til innhold

Færre unge tek abort

Mange færre tenåringar tok abort i 2009.

Kvinne med hendene på magen

25 prosent færre jenter i Hordaland tok abort i 2009, i forhold til i 2008.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox

Talet på tenåringar i Hordaland som tek abort har minka med nesten 25 prosent.

Det syner tal frå Folkehelseinstituttet frå 2008 og 2009.

I fjor tok 202 tenåringsjenter abort i fylket.

– Kan ha blitt betre på prevensjon

– Det er vanskeleg å sei akkurat kva som er årsaka, seier rådgjevar Åsne Hagen på helseavdelinga til Fylkesmannen i Hordaland.

– Men me håpar at helsestyresmaktene sitt fokus på prevensjonsbruk har hatt ein viss effekt.

Hagen meinar likevel det er for tidleg å sei om dette er ein trend som vil halda seg.

LES OGSÅ: Skremt av høye aborttall - nølende til gratis angrepille for unge jenter

Under landssnittet

På landsbasis tok 16 av 1000 tenåringsjenter abort i 2009, mot 13 i Hordaland.

Totalt blei det gjort 15 774 svangerskapsavbrot i Noreg.

Det er færre enn året før.

I Hordaland vart det utført 11,7 abortar per 1000 kvinner i fylket.

Det er framleis kvinner i aldersgruppa 20-24 år som oftast tek abort