Hopp til innhold

Færre med inkassogjeld

Folk i Sogn og Fjordane er blitt flinkare til å betale rekningane sine. Det fører til at stadig færre får inkassogjeld, viser ein analyse frå Lindorff.

Talet på inkassosaker i Sogn og Fjordane har gått ned med 15 prosent i løpet av første halvår i år, samanlikna med same perioden i fjor.

Den samla inkassogjelda for folk i fylket er no på 24 millionar kroner.