Berre nokre få dagar har gått sidan Anne-Lise Vang (28) saman med sin tidlegare skulekamerat og mobbar, Trine Woldseth, stod fram og fortalde tusenvis av lyttarar om korleis medelevane gjorde store delar av barndomen hennar til eit helvete.
– Det begynte med snakk, kommentarar: «Opp med handa alle som syns at Anne-Lise er feit! Så gjekk det over til å bli fysisk», fortalde bergenskvinna til NRK.
Men sidan dei to til Ukeslutt i P1 laurdag fortalde historia om korleis dei i vaksen alder fekk kontakt etter at Trine skreiv ein epost og bad Anne-Lise om orsaking for det ho var med på i barndomen, har reaksjonane vore mange.
– Det har vore enormt
Anne-Lise har blant anna fått meldingar på Facebook frå andre som hugsa henne frå barneskulen. Noko eksakt tal har ho ikkje, men det aller meste har komme via Facebook.
– Det har vore heilt overveldande. Eg har fått så mange positive tilbakemeldingar frå folk, både kjende og ukjende. Faktisk har fleire bede om orsaking for at dei var med på mobbinga då eg var barn, både folk som var med og andre som såg på utan å gjere noko.
– Kvifor trur du at fleire har teke kontakt med deg no, etter at de stod fram i media?
– Det er vanskeleg å seia. Mange tek jo kontakt for å støtta meg, folk som sjølv har blitt mobba eller som er glad for at eg vågar å stå fram med dette. Og så er det andre som deltok i mobbinga av meg, eller som stod og såg på. Kanskje er det rett og slett enklare å sei unnskyld gjennom ei melding på Facebook framfor å gjere det ansikt til ansikt?
Mobbar: – Berre rimeleg at eg stiller opp
Trine Woldseth har òg blitt kontakta av mange dei siste dagane. Alle har vore positive, fortel ho.
–– Då eg blei spurd om å stille opp i denne saka, kjentes det som ei plikt å sei ja. Folk seier at dei syns det er tøft av meg, at det er fint å vise at ein kan bli vaksen, og ta ansvar. Folk eg ikkje har sett på årevis tar kontakt via Facebook.
–Kvifor er saker som dette så viktige for folk?
– Mi forklaring er at vi alle tar roller som barn som vi kanskje ikkje sjølv forstår. Eg var med på mobbinga, sannsynlegvis fordi eg var redd for å ikkje bli likt sjølv. I ettertid forstår eg langt meir av det vi gjorde, og det er vondt.
– Skulle ønskje vi blei stansa
For Anne-Lise og familien blei mobbinga så ille at deira einaste løysing til slutt blei å flytta til Oslo for å sleppa unna.
Det var etter at ho fortalde om ein oppvekst prega av mobbing på eit TV-program at Trine såg den tidlegare klassekameraten, og bestemte seg for å ta kontakt.
– Eg kjente att fleire episodar som ho fortalde, der eg var til stades. Det var sterkt. Som barn ser ein ikkje konsekvensane, men å høyra hennar forteljing om eit liv i uvisse etter systematisk plaging gjorde inntrykk.
Trine fortel blant anna om ein spesiell episode, der ho og fleire andre gjekk saman om å late som om Anne-Lise ikkje eksisterte.
– Då ho snakka, lata vi som ingenting. Alt ho gjorde ignorerte vi totalt. I dag skulle eg berre ønskje at vi blei stansa, at nokon vaksne greip inn.
Vil hjelpe andre
Anne-Lise fortel at ho frykta at Trine skulle få negative tilbakemeldingar då ho blei med å stilla opp til intervju. Å stanse mobbing er like viktig for dei som sjølv mobba som barn, seier ho.
–Å leve heile livet og vite kva ein har gjort mot andre som barn, alt det vonde ein har utsett noko andre for, det må vere heilt jævlig. Sjølvskading, sjølvmord – det kan ha så store konsekvensar. Derfor syns eg det er tøft av Trine å stille opp.
No håpar dei begge at det skal hindre at fleire blir utsett for det same som Anne-Lise. Sjølv seier ho at det å hindra at fleire opplever det same er motivasjonen for å gå ut offentleg med si historia. For det kostar, kvar gong.
–Målet er at andre skal få sleppe det eg måtte gå gjennom. Det gjer det verdt det.
– Du seier at du har tilgitt Trine. Er det vanskeleg å tilgi?
– Når Trine bad om orsaking var det ektefølt, det var viktig. Men eg skal innrømme at det er eit par eg verkeleg slit med å kunne tilgi. Og eg har jo ikkje gløymt noko, barndommen min kan ingen endra på.