Hopp til innhold

Even Hovland tatt ut på landslaget

Even Hovland vart måndag for aller første gong teken ut til ein A-landslagstropp i fotball.

– Even er ein mann for fremtida. Han har ingen tydelege svake sider, er god både defensivt og offensivt og har eit av Norges beste tilslag på ballen.

Det seier landslagssjef Egil Olsen til VGnett då han presenterte spelarane som skal møte Kypros 11. oktober.

For 22-åringen frå Vadheim er det aller første gong han er i A-landslagstroppen.