Etterlyser Joker-vinnar
Norsk Tipping jaktar på ein kar frå Vågsøy som i går kveld vann 506.000 kroner i Joker. Då tippeselskapet forsøkte å få tak i han for å høyre om han ville vere med i TV-trekninga, tok han nemleg først telefonen. Men vedkomande høyrde ikkje noko og la på. Etterpå har mannen ikkje teke telefonen.