Etter å ha fått inn 564 tips og gjort 1275 avhøyr, har politiet danna seg eit ganske godt bilete av det som har skjedd i Førde og på gangruta til Anne Slåtten i det aktuelle tidsrommet frå ho forsvann søndag morgon 6. juni og fram til timane etter Anne Slåtten vart funnen måndag klokka halv eitt.
Politiet sit no att med observasjonar av fem personar som dei ikkje veit kven er. Dette kan vere ein og same person, med det er ikkje politiet sikker på.
Haikar observert ved Venezia søndag morgon klokka seks.
Søndag 6. juni kl. 06:00 i Førde sentrum:
Ein person kjem bort til ein bilførar utanfor restauranten Venezia i Førde og ber om skyss til Angedalen. Haikaren var mellom 30 og 40 år, mørk blond, hadde rufsete hår, smalt andlet og sped kroppsbygning. Han hadde svart jakke og skiten dongeribukse. Han snakka truleg lokal dialekt. Mannen fekk ikkje haik, og gjekk vekk i retning Angedalsvegen. Politiet ønskjer kontakt med denne personen, eller nokon som tok opp ein haikar. Og dei presiserer at dei etterlyser vedkomande som vitne, og ikkje mistenkt. Det er laga ei polititeikning av denne mannen.
Søndag kl. 07:05 ved Fossebrua:
Eit vitne var på veg til jobb på sentralsjukehuset. Ho har observert ein syklist som kom i stor fart frå området rundt Vie senter, over Fossebrua og nedover Angedalsvegen. Han hadde mørk einsfarga jakke med hette langt ned i ansiktet. Mannen hadde markert andlet, kanskje litt tynn. Alder 25-40 år, høgde 176-180 cm.
Frå rekonstruksjon
Søndag kl. 07:15 ved Veglo nær gamleskulen:
Eit vitne var på veg inn stikkvegen Veglo, og høyrde skrammel frå ein gamal sykkel rett bak seg. Sykkelen bråsnudde og vart borte. Vitnet hadde inntrykk av at syklisten hadde svinga brått inn stikkvegen, og så bråsnudde. Denne syklisten er etterlyst tidlegare, men har ikkje meldt seg.
Måndag 7. juni kl. 08:35 ved åstaden:
Frå rekonstruksjonen
Eit vitne såg ein person komme ut frå åstaden. Mannen hadde snørt ein hettegensar tett kring andletet. Mannen var 180-185 cm, mellom 20 og 30 år og hadde vanleg kroppsbygning. Mannen virka forvirra, snudde hovudet i alle retningar, og reagerte ikkje på personen som såg han. Ei hand var gøymd i jakka. Denne observasjonen er tidlegare rekonstruert, men etterlysinga har ikkje ført til at mannen har meldt seg.
(Etterlyser nytt vitne i Slåtten-saka )
Måndag kl. 09:10 ved Esso-stasjonen:
Mann observert av overvakings-kamera ved Esso måndag morgon klokka 0910.
Eit videokamera har filma ein person som går Hafstadvegen i retning vest. Bilete er dårlege, men politiet har fått teikna tre bilete av personen. Han har på seg mørk hettegensar med eit lyst, firkanta mønster på brystet. Han har også ei lue eller ein omvendt caps på hovudet. Buksa er truleg lysfarga dongeri, og han har noko som liknar lyse joggesko med ei mørk stripe. Teikningane politiet går ut med er laga etter denne videoen.
Måndag ca kl. 12:25 ved parkeringsplassen ved ungdomsskulen:
Om lag på det tidspunktet Anne Slåtten vart funnen, såg eit vitne ein person på sykkel som kom i stor fart frå parkeringsplassen ved ungdomsskulen mot Skrivarløa, sykla inn på Kyrkjevegen og vidare mot Angedalsvegen. Syklisten kom frå området rett ovanfor staden der Anne Slåtten vart funna. Syklisten var ca 20 år, kanskje eldre, og ca 180 høg. Han var tynn, svart munkejakke med hetta godt attsnørt. Utanpå jakka hadde han ein gråmelert, nesten beige vest. Han hadde ei utvaska mellomblå dongeribukse. Han sykla på ein gamal damesykkel. Sykkelen skramla.
Etterlyser mann med søreuropeisk utsjånad
I tillegg til desse ønskjer politiet å komme i kontakt med ein person med rutete genser/jakke som var i Førde sentrum natt til søndag. Alder skal vere 40 eller meir, 165-170 cm høg, mørkt stritt, kort hår med antydning til grå hår. Mannen snakka godt engelsk, men er ikkje engelsk. Han har søreuropeisk utsjånad. Han var sett kl. 03.00 ved Handelshuset. Han hadde med seg sykkel og bar på ein plastpose.
Førde sentrum 1. Åstaden 2. ESSO 3. Venezia 4. Veglo 5. Skrivarløa 6. Fossebrua 7. Kronborg
Ronny Iden
- Kan vere snakk om same mann
På ein pressekonferanse tysdag ettermiddag sa fungerande politimeister Ronny Iden at alle personane er etterlyste som vitne. Dei utelukkar heller ikkje at dei ulike observasjonane av ein "hettemann" kan vere snakk om same person. Der er likskapstrekk mellom fleire observasjonar, men også ting som ikkje liknar. Men tidspunkta det er observert ein person med mørk hettegensar er slik at det teoretisk kan vere same person, seier Iden.
Så langt har politiet fått 564 tips, har gjort 1275 avhøyr, registrert 200.000 mobildata og 25.000 banktransaksjonar. Dei har registrert ca 400 bevegelsar av folk, bilar, syklar i Førde i tidsrommet 06:00-08:00 søndag 6. juni.
Iden er sikker på at det framleis er personar som var ute i Førde på det aktuelle tidspunktet, som dei enno ikkje har kartlagt. Han ber desse melde seg.