Hopp til innhold

Mange vil til topps - men fleire har allereie avbestilt etter dødsulykka

Norgesguidene opplever enorm interesse for sine guida turar til Store Skagastølstind. Men dødsulukka søndag har allereie ført til avbestillingar.

Storen sett frå Store Soleibotntind

POPULÆRT: Store Skagastølstind er eit ynda turmål for mange fjellvandrarar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein erfaren norsk fjellklatrar i 40-åra omkom, og ei finsk kvinne i 50-åra ligg alvorleg skadd på Haukeland etter ulukka ved Storen søndag.

Guide og fjellførar Jostein Aasen i Norgesguidene fortel dei allereie har fått avbestillingar på sine turar.

– Den har allereie fått følgjer i at folk er uroa og har avbestilt turar hos oss, seier han.

Fullbooka turar

Jostein Aasen

GUIDE: Jostein Aasen er både guide og fjellførar hos Norgesguidene.

Foto: Privat

Store Skagastølstind er med sine 2.405 meter over havet, Norges tredje høgaste fjell. Det er også blitt eit ynda reisemål for svært mange turgåarar. Noko Aasen og Norgesguidene har merka.

Selskapet har spesialisert seg på turar, kurs og utdanning innan fjellsport og arrangerer turar ei rekkje stader på Vestlandet.

– Det er veldig mange som har bestilt tur på Storen. Sist eg høyrde, var alt fullbooka til midten av august, seier han.

Kan bli køar

Mykje folk i fjellet kan ha sine fordelar og ulemper.

– Det er klart at folk kan komme ut på mykje lengre turar enn ein hadde tenkt. Dersom mykje folk, spesielt om folk brukar unødvendig lang tid på nøkkelplassar, kan det danne seg køar, seier han.

For den skadde kvinna søndag, kan det truleg ha vore berginga at det var mykje folk i fjellet då ulukka skjedde.

Høyrde rop om hjelp

Ulykke Store Skagastølstind

OMKOM: Det var ein krevjande aksjon for å hente ut den skadde og omkomne fjellklatraren.

Foto: Kåre Steinar Skagen

Klatrarane var med i ei anna gruppe som laurdag morgon la ut frå Skagadalen.

På det siste snøfeltet før hytta Bandet, sklei mannen i 40-åra. Kvinna sklei truleg i eit forsøk på ta seg fram til mannen. Saman med to andre guidar vart Aasen kalla til ulukkesstaden av Hovudredningssentralen på Sola.

– Det var fire klatrarar som høyrde rop om hjelp. Dei gjorde ein kjempejobb. Så kom vi til, og hadde fått med oss ein lege, seier han.

– Held fram som før

Aasen fortel at det var fine forhold i Hurrungane då ulukka skjedde. Det meste av turen ned frå Storen går på tørr grunn over svaberg, steinur og litt sti. Snøfeltet skal vere vanleg å krysse på turen.

Fjellføraren seier ulukka ikkje får følgjer for Norgesguidene sine gjennomføringar av turar.

– Det er ikkje noko vi treng endre på for at slike ting ikkje skal skje. Vi held fram som før, seier han.