Hopp til innhold

Har over 80 utanlandske dyr utstoppa i kjellaren

I ein kjellar på Leikanger heng ei mektig samlinga av dyrehovud på rekke på veggen, og på golvet må ein trø mellom hjorteliknande dyr og ein sebra for å kome seg fram i rommet.

Per Steinar Melås med løven sin.

EIT AV MANGE: Løva er berre eit av mange eksotiske dyr som Per Steinar Melås har sikra seg etter mange år med jakt i inn- og utland.

Foto: Britt Kristin Ese

– Det er spenning og eit skikkeleg adrenalinkick å jakte på savanna og i bushen. Det skjer så utruleg mykje, seier Per Steinar Melås. Han elskar å jakte, og har reist rundt om i heile verda og skote og stoppa ut over 80 utanlandske dyr, 50 av dei frå Afrika.

Jakt betyr møte med menneske

For det ligg meir bak enn å samle trofee. Det er fryden og forventingane under jakta som er drivkrafta bak lidenskapen. Det heile har resultert i ei spesiell samling. Totalt har han nærare 90 dyr frå Sibir, Afrika, Nord- og Sør-Amerika og Europa.

For Melås har jakt vore noko han har delteke i sidan han var liten gut, og det er noko av grunnen til at han framleis held på.

– Eg hugsar då eg var fire år, og sleit og drog i eit veldig stort dyr, som eg skulle ha med meg heim. Det var ein hare, fortel han om si første jaktoppeving.

No har jakta også fått større betyding for han.

– Noko av drivkrafta mi er møte med andre menneske. Vi lever saman ute i øydemarka, søv under same tak og kanskje i same sovepose. Vi lagar mat saman, og prøver så godt det let sg gjere å kommunisere saman. For meg handlar jakta også om desse møta, seier han.

Mange er gjerne kritiske til den jakta du held på med, kva tankar gjer du deg om det?

– Jakta føregår på ein annan måte enn kva folk trur. Det er omlag som norsk hjortejakt, berre enno strengare. Her blir alt kontrollert og guidar sørgar for at vi gjer alt i samsvar med lover og reglar, seier han og legg til at han ikkje er oppteken av korleis dyra ser ut.

– Eg er ingen trofeejeger. Eg skyt gjerne det minste og skralaste dyret. For meg er jaktopplevinga, kulturen og opplevelsen det som er viktig.

Sjå biletgalleri nedst i artikkelen!

(Saka held fram under videoen)

Per Steinar Melås i Leikanger har 50 utanlandske dyr utstoppa i kjellaren sin.

Eksotisk samling av dyr

Ei løve, vortesvin med enorme støyttenner, ein karakal eller afrikansk katt - som kan minne om ei gaupe, er nokre av dyra som står i kjellaren hans. Sidan 1999 har han reist rundt på jakt etter dyr og opplevingar. Og kvart dyr har si historie.

– Sabelantilope er ein gromgut. Den har sprunge rundt i Sør-Afrika, og er eit fantastisk flott dyr. Villsvinet skaut eg rett utanfor slottet til Dracula i Romania, fortel Melås.

Ein hobby med livet som innsats

På sine reiser og på jaktturar har også farlege og fryktingytande dyr stått føre han, men redd har han ikkje vore.

– Nei, redd har eg kanskje først blitt etter at eg har opplevd noko. Når det er nære på, det er då eg byrjar å tenkje. Som med løva, fortel han.

Den store løva står majestetisk og roleg i stova, men det var ikkje beint fram at det skulle bli ein så lukkeleg slutt på visa.

– Eg jakta på løva, og skaut, og eg visste at eg traff, men eg fann den ikkje att. Vi søkte og såg etter spor, men vi såg ingenting. Vi gjekk i retning av eit tre, og nokre guidar sprang ut til sida og kikka. Plutseleg vart dei heilt ville, hoppa opp og ned, og peika veldig på det treet vi var på veg mot. Dei peika og peika, men vi såg lite. Før vi plutseleg såg at løva låg og skjulte seg i graset der vi var på veg. Den ville nok ha angripe oss om vi hadde gått 5-10 meter til.

Melås fortel stolt og med glede om dei mange jaktturane og dei eksotiske dyra han har møtt. Men praten stilnar på spørsmål om kva hobbyen kostar.

– Det kjem eg ikkje til å svare på. Det torer eg ikkje å tenkje på. Du vil ikkje legge det saman, for då får du litt angst. Eg kan seie det slik at nokre av dyra er veldig dyre å kjøpe lisens på, seier han hemmlegheitsfullt.