Hopp til innhold

Endeleg ein spelar på landslaget

Hege Bakken Wahlquist (17) frå Jotun er den første lokale spelaren på ordinær landslagssamling på mange år.

Hege B Wahlquist. Foto: Siren Svortevik, porten.no

Hege Bakken Wahlquist er kalla inn til treningssamling med det norske J92-laget.

Første gong på landslaget

Kantspelaren frå Jotun er mellom 25 spelarar som trenar Reidar Møistad har funne gode nok for landslaget.

Wahquist har tidlegare vore på samling med regionale utviklingstiltak, men det er første gongen ho har passert nålauga til landslaget.

LES OGSÅ: To dagar - to idrettar - to kampar

Eit godt 2009 for handballen

17-åringen er samstundes den første på mange år i ordinær landslagssamanheng frå Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Trur på framtidig landslagsspelarar

Men 2009 har vore eit godt år for handballfylket: June Andenæs frå har delteke på samlingar for dei nest beste seniorane, og Hanne Asperheim frå Jotun har vore på ei fellessamling med J90 og J91-landslaga.