Hopp til innhold

Elvis medvitslaus ut på båre

Det vart dramatisk i sluttminuttane då Sogndal slo Alta.

Video Aye Elvis skade

SJÅ: Elvis vart liggjande livlaus

- Det kom bort til han var han bevisst, men han var litt sånn i "tåkeheimen". Eg rakk ikkje å tenke så mykje på det der og då, men i etterkant blir eg litt skjelven seier Sogndal napaparat Kim Are Jacobsen.

Det vart dramatisk i sluttminuttane då Sogndal slo Alta 2-1 og tok sin fjerde strake siger. Sogndal sin midtbanespelar Ahyee Aye Elvis fekk eit kne i tinningen i duell med ein altaspelar og vart liggjande medvitslaus på bana. Dei andre spelarane på bana signaliserte øyeblikkeleg at dette var alvorleg og det medisinske støtteapparatet storma til medan Elvis låg urørleg på bana.

Sendt til observasjon

Ahyee Aye Elvis skada mot Alta

Midtbanespelaren frå Elfenbeinskysten låg lenge nede utan å røre på seg.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Publikum både på Fosshaugane og framfor fjernsynsapparata heldt pusten medan midtbanespelaren vart frakta ut på båre.

- Han fekk eit kne i hovudet. Sannsynlegvis har han ei hjerneskaking, så han blir sendt til sentralsjukehuset Førde for observasjon over natta, seier Jacobsen.

Elvis har vore ein av Sogndal sine beste i år, og skaden hans er eit stort skår i gleda over tre nye poeng og framleis betryggande leiing på toppen av Adeccoligatabellen.

Imponerte ikkje

Sogndal slo Alta utan å imponera, men spelarane gjorde jobben og sikra tre nye poeng. Ulrik Flo og Even Hovland sørga for Sogndal sin fjerde strake siger.

- Slike kampar må me rekna med. Det handlar om å vinna, og det klarte me i dag. Spelemessig ein drittkamp i periodar, men me kjempar og syner vilje til å avgjera, seier ein letta Henrik Furebotn. No tyder mykje på at han må klara seg utan sin faste makker på midtbana, Elvis.

Frykteleg trist

- Frykteleg trist for han. Eg håpar han er klar om ikkje så lenge, seier Furebotn.
Midtbaneduoen har vore sentrale i det meste for Sogndal denne sesongen. No er også ein annan nøkkelspelar tilbake på sitt beste.
Even Hovland var i praktslag mot Alta og dominerte frå midtstopparplass.

Snakkar ikkje om eliten

- Eliteseriespel snakkar me lite om. Skal me lukkast må alle vera skjerpa. Denne kampen viser kor små marginar det er, seier Hovland som sikra tre poeng med headinga på Per Egil Flo sitt frispark.

- Eg har all fokus på Sogndal og kan lova full innsats for at me skal nå målet om opprykk. Så får ting komma etter kvart, er Hovland sin kontante kommentar til korleis han vurderer fotballframtida.

Elvis ute nokre veker

Alt i opningsminutta på kampen pådrog Elvis seg sitt tredje gule kort for sesongen, og er dermed suspendert til Sogndal sin neste kamp, borte mot Bodø/Glimt. Kim Are Jacobsen varslar likevel at fråveret til spelaren frå Elfenbeinskysten blir lengre enn som så.

- Det er vanskeleg å seia noko om det, men vil det vil nok ta nokre veker i alle fall.