Hopp til innhold

«Det er galskap og Florø på sitt beste. Folk var i ekstase»

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

10 modige hopparar enda i iskaldt vatn under eit ellevilt hopprenn i MGP-byen Florø fredag kveld.

Den lange og bratte Trovikbakken blei nytta og hoppet var plassert på kaikanten.

Det var «Byen vår Florø» som stod bak arrangementet og leiar Roger Bareksten var ein av dei som våga seg uti. Eit par minusgrader på land og fire plussgrader i vatnet, gjorde det til ei kald oppleving.

– Eg følte eg ikkje hadde noko val, eg måtte stille. Men det var grisekaldt, rett og slett, seier han.

Trur han blei lurt

Bareksten hadde på seg våtdrakt, men kunne sjå at dei andre stilte i overlevingsdrakter.

– Eg lurer på om eg blei litt lurt der, ler han.

– Kva tenkte du då du sklei ned bakken og visste du skulle hamne i det kalde vatnet?

– Eg hadde så dårleg gli på skia at eg måtte stake meg nedover. Difor fekk eg ikkje tenkt så mykje. Eg var mest oppteken av å klare å nå hoppkanten, fortel han.

Folkefest

Det er i samband med at MGP-sirkuset er i kystbyen at arrangementet kom i stand.

– Det var ei fantastisk oppleving og ein folkefest. Gata var full av folk.

Per Øyvind Helle i HippHipp Flora var speaker og sa at dette hopprennet burde bli årleg. Fotograf Truls Kleiven var også der og seier det var ellevilt.

– Det er galskap og Florø på sitt beste. Folk var i ekstase.

Hoppa med ei ski

Det var ni menn og ei kvinne som våga seg ned bakken. Nokre hadde snowboard og andre slalåmski. Ein av dei hoppa heile tre gonger. Den siste turen på berre ei ski fordi han mista den eine i det andre hoppet sitt.

Etter hoppet, blei dei plukka opp av redningsdykkarar og Røde Kors. Fleire hundre hadde møtt fram for å følgje hopprennet og Roger Bareksten er imponert over at så mange kom.

– Det var ingen som hadde trudd at dette kom til å bli ein slik suksess.

Han seier at innbyggjarane i Florø er stolte over å ha MGP-delfinalen i byen.

– Vi klarer å skape engasjement og folk stiller opp. Dei som produserer MGP, seier Florø er i ein eigen klasse når det gjeld å skape liv i byen. Vi er enormt stolte over at vi får det til.

Sjå delfinalen i Florø på NRK1 klokka 19:55 i kveld. nrk.no/sf kjem med fyldig dekning av folkefesten utover kvelden.