Hopp til innhold

Elis treng éin ny tilsett kvar fjerde veke

IT-bedrifta Elis i Dale i Fjaler har eit hylande behov for tilsette. Så langt auga kan sjå treng dei éin ny tilsett kvar fjerde veke.

Edgeir Aksnes

GÅR SOM DET HYLER: Administrerande direktør i Elis, Edgeir Aksnes, har all grunn til å smile.

Foto: Birger Meland / NRK

– Vi er vanvittig godt posisjonert, og vi kan vekse nordisk her frå Dale, seier administrerande direktør i Elis, Edgeir Vårdal Aksnes.

Han fortel at det har vore gjort mange smarte trekk av gründerane av Elis og dei som var med frå starten.

Den no 20 år gamle bedrifta går som det susar. Dei leverer software og tenester til energibransjen, og det er ei nisje som har skrikande behov for løysingane som Elis produserer.

Edgeir Vårdal Aksnes meiner verdien på selskapet per i dag er på ein kvart milliard kroner.

Skjer milliardinvesteringar

– Vi sit på nokon produkt som passar utruleg godt med det som skjer i marknaden. Og den marknaden det er snakk om er energimarknaden i Norge og i Norden elles. Der skjer det milliardinvesteringar i forhold til å investere i smarte målarar og å imøtekomme nye EU-krav, og i forhold til å få til nordisk sluttbrukarmarknad, seier Aksnes.

Det vil med andre ord seie at ein får til ein nordisk kraftmarknad på dette.

Er vanvittig godt posisjonert

– Og der er Elis vanvittig godt posisjonert. Vi har dei fremste løysingane og ser at det er tilsvarande skrikande behov for dette i Sverige og i Finland, seier Aksnes.

– Men Dale som utgangspunkt, kan de bli for store?

– Det har jo vore spekulert i det i ganske mange år. Er det mogleg å få tak i folk i Dale, er det plass til oss i Dale. Det spørsmålet stilte ein då ein passerte 20 tilsette og då ein passerte 50. No er vi 70. Og vi lurer framleis på det same. Kor mange er det mogleg å få tak i her i Dale, seier Aksnes.

Er eit pre å vere i Dale

Han legg til at det veit ein ikkje heilt sikkert.

– Det vil også bli utfordringar i høve kor folk skal bu, korleis blir det å pendle mellom Dale og Førde. Dette er spørsmål vi stiller heile tida. Men så langt har det gått veldig bra. Og det å ha forretning i Dale har sine føremon, seier Aksnes.

Han legg til at Dale er ein eksotisk plass.

– Vi er annleis, vi framstår annleis. Vi er annleis i forhold til konkurrentane våre. Og det er ein annleis kultur her i forhold til dei som sit i Oslo eller Stockholm, seier Aksnes.

(Artikkelen held fram under biletet)

MØTE

BESØK: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) var fredag på besøk på Elis.

Foto: Birger Meland / NRK

Er fleire søkjarar i Dale enn i Oslo

Han legg til at Elis klarar å få til eit anna særpreg ved å halde seg i Dale.

– Det hjelper oss også når vi skal rekruttere. Eg merkar at det er fleire søkjarar på stillingar her enn det er i dei store IT-selskapa i Oslo, seier Aksnes.

Sjølv er han frå Vik i Sogn, og har etter fleire år i hovudstaden valt å komme til heimfylket for å ta ein spennande jobb.

At Dale har gode kvalitetar likar Fjaler-ordførar Arve Helle å høyre, og han påpeikar at kommunen svært gjerne vil bidra til at Elis trivst godt i Dale.

– Vi er nøydde til å ivareta det som handlar om rammevilkår for at dette skal vere ein attraktiv plass for dei som tilsetjast her, og eventuelt andre bedrifter i kommunen gjennom skular, barnehagar, tilrettelegging for bustad, kultur- og fritidstilbod og så vidare, seier Helle.

Betyr store investeringar

Han påpeikar at kommunen sjølvsagt ønskjer at dei fleste som jobbar i Elis også bur i Fjaler kommune.

Han er også klar på at det kan betyr store investeringar for kommunen på sikt.

– Det er ikkje tvil om at dette kan generere mykje folk. Det er utfordringar, men det er berre positive utfordringar med det. Viss vi snakka om motsett forteikn ville eg ha vore meir bekymra, seier Helle, og seier han slett ikkje er uroa over at ein slik innbyggjarvekst vil koste kommunen litt.

– Elis er ein av hjørnesteinsbedriftene våre, det er det ingen tvil om, seier Helle.

Elis hadde i 2011 eit årsresultat på 13,5 millionar kroner. Det er vel ein million meir enn i 2010, og nær 3,2 millionar meir enn i 2009.