Hopp til innhold

Eldre må betale for gratistenester

Kommunar kan ikkje sitt eige lovverk og krev betaling for gratistenester frå eldre.

Stryn, Vågsøy og Naustdal

Eldre i Naustdal, Stryn og Vågsøy er tvinga til å betale for avlastning dei har rett på gratis.

Foto: Fotomontasje

Tre av fire kommunar der det er ført tilsyn, klarer ikkje å følgje sitt eige lovverk. Dette gjeld Naustdal, Vågsøy og Stryn.

Kommunane må no gå gjennom sakene på nytt og rydde opp dersom eldre er blitt kravd for gratis tenester.

- Vi må tru at det er fordi at dei ikkje er merksame på regelverket. At dei ikkje kan det godt nok, seier juridisk sjef Turid Måseide hos fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

- Ingen god situasjon

Tilsyna held framleis på, og Helsetilsynet kan førebels ikkje seie noko om landsresultatet. Over fire år skal tilsynet kartlegge korleis ståa og tilboda til dei eldre er i kommunane.

Eit av områda som blir undersøkt er avlastningstilbod og korleis kommunane brukar sitt eige regelverk.

- Det er trasig for dei å finne ut at dei har blitt skralta og valta med i høve til regelverket. Det er ikkje nokon god situasjon, seier leiar i pensjonistlaget i Naustdal, Bertel Meek.

- Overraskande

Problemet oppstår når kommunane skal finne ut kva for regelverk dei skal følgje; kommunehelselova eller sosial og helselova. Sistnemnde gjev pasientane gratis behandling.

Men det er kommunehelselova som vert nytta i mange av sakene, og pasientane endar opp med rekninga etter avlastningsbesøk på til dømes ein aldersheim.

- For meg kjem det litt overraskande at kommunen ikkje har klart å tolke eige regelverk, seier Meek.

Går gjennom sakene

Dei eldre får heller ikkje informasjon om dei ulike lovene, og veit dermed ikkje at dei kan klage på vedtaket kommunen har fatta. Dette ventar Måseide at kommunen sjølv tek tak i. Noko også ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, lovar.

Håkon Myrvang

Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Kommunen vil no gå gjennom dei siste to åra for å undersøke om feila dei har gjort har fått følgjer.

- Vi går gjennom dei siste to åra for å sjå om nokon som har fått hjelp, har fått den etter feil lovbruk. Finn vi det, skal vi sjølvsagt betale attende det som måtte vere, seier han.