Hopp til innhold

Ektepar gav ein halv million til MR-maskin

Ekteparet Johannes og Johanne Sofie Henjum på Leikanger har donert 250.000 kroner kvar til MR-maskin i Lærdal.

Tommelen opp før MR-undersøkelsen

SAMLAR TIL SLIK: Folk i Sogn samlar no inn pengar til å få på plass ei MR-maskin på sjukehuset i Lærdal. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Caroline Rugeldal / NRK

– Eg kan stadfeste at eg og kona har gitt ein kvart million kvar. Utover det har eg ingen kommentar, seier Johannes Henjum til NRK.

Det har i lengre tid vorte samla inn pengar til ei MR-maskin ved Lærdal sjukehus, og denne veka var det klart at innsamlinga har gitt sju millionar kroner på konto.

Dermed manglar dei tre millionar for å ha finansieringa på plass. Med bidraget frå ekteparet Henjum er målet eit godt steg nærare.

– Vi høyrde at dei hadde bruk for pengane, og då bestemde vi oss for å gi, seier Henjum.

Han ønskjer ikkje å kommentere om det er ein konkret grunn til den sjenerøse gåva frå paret, men understrekar at dei lever nøkternt og er i ein posisjon der dei har høve til slikt.

– Dette er vel brukte pengar. Vi håpar dette kjem mange til nytte. Det er det viktigaste, seier Johannes Henjum.

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, har sjølv ringd ekteparet og takka dei for gåva til MR-maskina.