Hopp til innhold

Ekstrem topptur på nært hald

Sett av 14 minuttar og bli bergteken.

Klar for bratt moro.

Benk deg framføre fjernsynet måndag 20.40 på NRK 1 og bli både facinert og overraska.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fjellsportfestivalen i Sogndal i februar er over. Men måndag 29.mars kan du frå sofaen få panoramautsikt til ekstreme toppturar i vakker natur frå festivalen.

Kamera på hjelmen gjev orkesterplass

Bratt moro.
Foto: Torje Bjellaas / NRK
Bratt moro og flott utsikt.
Foto: Torje Bjellaas / NRK
Bratt moro føreset at ein først kjem seg til toppen av fjellet.
Foto: Torje Bjellaas / NRK
Rått, flott og artig med bratt moro.
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Då sender NRK 1 eit program frå festivalen.

Utrakt bruk av hjelmkamera gir deg orkesterplass midt i kaoset når 80 skiløparar kastar seg ut frå Reppanipa i fellesstart. Og du kan vere med på isklatring, big jump og fotokurs.

Svingar og historier

Itillegg får du vite korleis telemarksvingen kom til Sogn, og kortid folk eigentleg byrja å spenne skia på beina og gå oppover fjella i Sogn.

Følgjer du med får du også sjå korleis kinesisk utfor føregår i Norge.

- Livsfarleg

- Det er livsfarleg, skal eg fortsette med å filme denne vinteren kan eg ikkje drive på med kinesisk utfor, sa ein betenkt Fred Syvertsen etter målgang.

Programmet er redigert av Torje Bjellaas og produsert av Stein Magne Os.

Arve Uglum har kommentar og regi.