Hopp til innhold

Ekstrem avslutning på 2010

- I går var det heilt ekstremt. Eg har jobba her i mange år, men dette var av mine verre vakter, seier vaktoperatør Kjetil Molvær ved vegmeldingssentralen.

Dårleg føre på E39.

SÅPEGLATT: - Eg trur berginga var at det var så glatt at bilistane ikkje hadde anna val enn å redusere farten, seier vaktoperatør Kjetil Molvær om tilstanden på vegane nyttårsaftan.

Foto: Privat

Meteorologisk institutt, politi og vegmeldingssentralen gjekk nyttårsaftan ut med åtvaring om svært vanskelege køyreforhold .

Med god grunn.

- Eg kom på vakt klokka 13 og fram til klokka 17-18, så var det heilt ekstremt. Eg har sjeldan hatt så mykje fortvila og redde folk på telefonen, fortel Molvær.

- Fortvilande for alle

Ketil Molvær

OTTAST: Kjetil Molvær berre venta på telefonen om ulukker nyttårsaftan.

Foto: Privat

Sjølv om det også 1. nyttårsdag er utfordringar for vegfarande, er situasjonen onko betre. Det har så langt vore langt ferre telefonar enn nyttårsaftan. Då kimte den i eitt ved vegmeldingssentralen i Lærdal.

Vegane var såpeglatte og kontraktørane arbeidde fortvila for å overvinne naturen. Med vekslande hell. Ein fortvilande situasjon for alle partar, fortel Molvær.

- Det har vore svært kaldt lenge og snødekke er blitt nedkøyrt. Mildveret kom fort og sjølv om dei prøvde å vere frampå med strøinga, så kom regnet og fraus oppå strøsanden. Det vart salta mange stadar, men var ein evig kamp, fortel Molvær.

- Venta på ulukkene

Utruleg nok gjekk trafikken nokolunde som normalt. Med berre eit par mindre uhell.

- Når det er slik, så sit du og ottast. Du berre ventar på telefonen om ulukker. Eg trur redninga var at det var så glatt at folk rett og slett måtte justere farten, seier han.

- Du får ofte ein og annan på tråden som seier at du må få folk ut, eller så skjer det noko. At så mange seier det er ikkje vanleg, legg han til.

- Fortvila folk

Spesielt gjekk meldingane på E39 frå Byrkjelo til Vadheim. Også i Nordfjord mellom Stryn og Måløy, samt mot Utvikfjellet. Litt seinare kom det også telefonar frå Indre Sogn.

Det var ikkje berre i Sogn og Fjordane at vegane skapte kraftig hovudbry. Både Hordaland og Rogaland kan fortelje om hektiske timar på vegmeldingssentralen.

- Det er fortvila folk. Men ved slikt føre så bør ein ikkje leggje ut om ein absolutt ikkje treng det. Eg hadde ein kollega som skulle til Bergen. Han slo det ifrå seg, seier Molvær.

Sette in ekstra bil

Entreprenør Magne Hafstad i Førde har brøyta veg i over 30 år. Han stadfestar fortvilinga til brøytebilsjåførane.

Nyttårsafta sette han seg sjølv bak rattet på ein ekstra bil for å halde E39 og riksveg 5 mellom Førde og Naustdal i best mogleg stand.

Då hadde han tre bilar på vegane.

- Då klokka nærma seg 15 vart det ganske glatt alle stadar samstundes. Det er ikkje det verste eg har opplevd, men med det utstyret vi har, så gjorde vi det beste ut av det, seier han.

Dårlege meldingar

I tillegg til glatte vegar, resulterte den kraftige vinden og mildværet i fleire snøskred og stengde vegar.

Framleis er det uvisst om riksveg 664 i Hornindal blir opna etter snøskred to stadar. Når det gjeld fylkesveg 720 og 723 til høvesvis Hjelle og Bødalen, så blir desse ikkje opna.

- Vi vavventar veret litt for å sjå korleis det stabiliserer seg, seier Molvær om vegen til Navelsaker og mellom Otterdalen og Grodås i Hornindal.

Problem i fjellet

På Vikafjellet har det gått ras, og er fare for ras, slik at fjellovergangen ikkje blir opna. Aurland - Hol er det tale om kolonnekøyring, men det dårlege vermeldingar gjer at det ikkje er sikkert at det blir opna her.

Hemsedalsfjellet er opna for kolonnekøyring, men her er det meldingar om så dårleg ver og sikt. På Filefjellet er det redusert sikt, men opent for fri ferdsel. Det same gjeld Årdal - Tyin.

- Det er betre i dag enn i går, men det ringer bra i dag også. Det er snø og glatte vegar, seier Molvær.