Av: Svein Ove Hansli
- Eg vil gjerne oppmode stortingspolitikarane om å ringe meg, slik at dei kan få ei orientering om kor dårleg stilt det er med rettstryggleiken for dei som vert utsett for slike falske skuldingar, seier Einar.
Ana fred og ingen fare
For ein månad sidan gjekk Einar ut i media med historia si. Det heile starta for to år sidan. Einar sat og ante fred og ingen fare då politiet plutseleg dukka opp og la han i jern.
Har vedgått falsk anklage
Den tidlegare elskerinna hadde meldt han for valdtekt. Seinare vedgjekk kvinna at det ikkje hadde vore noko valdtekt. Difor vil Einar ha kvinna straffa for falsk anklage.
Måtte slutte i jobben
- Eg er vorten uthengd i bygda og eg slutta i ein fast jobb i Nordsjøen avdi det var så hardt for meg med desse skuldingane. Eg sov ikkje skikkeleg på fleire månader, seier Einar.
Klagen avvist
Men politiet fann ikkje grunn til å tiltale kvinna og la bort saka, det same gjorde statsadvokaten. Einar klaga så til Riksadvokaten, men denne klagen er avvist, fortel førstestatsadvokat Jan Hoel.
- Grunnen er at klaga allereie er prøva. Etter reglane kan ein klage eit vedtak av påtalemyndigheitene opp til nivået over, men då er klagemulegheitene uttømde, seier Hoel.
Vil kjempe vidare
Einar seier han vil kjempe vidare og vurderer sivil rettssak om det må til. Men først håpar han på hjelp frå politikarane.
- Dette burde vere ein jobb for justiskomiteen, avsluttar Einar.
Retting: Det heile navnet til mannen er fjerna 16. oktober 2023.