- I utgangspunktet er sjølvsagt uavgjort mot ein slik motstandar ok, men med berre eittpoengarar blir det lite i sum. Hadde me fått utteljing i heimekampane kunne me spelt for eitt poeng, men det har me ikkje fått, seier Håvard Flo i Sogndal Fotball.
Difor reknar han med at Sogndal går offensivt til verks når dei møter Molde på Aker Stadion klokka 20.00 i kveld.
Champions League på onsdag
Molde ligg før kampen på andreplass på tabellen, åtte poeng bak Strømsgodset.
Men Ole Gunnar Solskjær må ha fleire tankar i hovudet for tida. Allereie på onsdag møter dei sterke Basel frå Sveits på bortebane i returoppgjeret i kvalifiseringa til Champions League.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
- Det kan jo sikkert vere forstyrrande. Dei må forvalte mannskapet slik at dei er klare til den meget vanskelege kampen i midtveka, men samtidig må dei halde trykket oppe i eliteserien. Dei kan fort bli veldig akterutsegla i forhold til Strømsgodset, seier Flo.
Santos frå start
Overgangen til den brasilianske spissen Ricardo Santos frå Djurgården er fullført, og forsikringspapira hans vart levert av Sogndal-leiar Egil B. Mundal laurdag føremiddag. Dermed er alle formalitetar på plass, og 25-åringen tek dermed plassen til suspenderte Ulrik Flo i Sogndal-angrepet.
Stefan Aase har også vorte speleklar for Sogndal i løpet av den siste veka, men han er ikkje med til Molde. Thomas Ness og Joakim Rudolfsen er også att i Sogndal på grunn av skader, medan Stephane Diarra Badji starta på benken i Senegal sin OL-kvartfinale som starta 15.30 laurdag.
Eikrem ute
Molde sin kanskje viktigaste spelar, playmaker Mathias Wolff Eikrem har karantene for tre gule kort, utan at det har oppteke Sogndal-leiinga så mykje.
- Molde har ein brei stall og kan kaste inn folk som er nesten like gode. Me tenker mest på vårt spel og våre spelarar, seier Flo.
To strake Sogndal-sigrar
Tradisjonelt har Molde vore Sogndal overlegne i statistikken over oppgjer dei imellom, men ikkje den aller siste tida. I siste seriekamp i fjor haust slo Sogndal Molde 2-1 på Fosshaugane etter to mål av Tore André Flo, medan Ulrik Flo og eit sjølvmål gav Sogndal 2-1 i heimemøtet mot Molde i vår.
Sist gong Sogndal vann på Aker Stadion var i cupen i 2010, då Barry Kader (2) og Ulrik Flo gav Sogndal 3-1 og avansement.
Sannsynleg startellevar for Sogndal: Udjus - Skaasheim, Patronen, P. E. Flo, Teniste - Mane, Bakke, Furebotn, Brochmann - Santos, Dyngeland.