Hopp til innhold

Eit kabelhus i dobbel forstand

Dette kabelhuset i Aurland må seiast å vere kabelhus i dobbel forstand

Kabelhus i Aurland.

Kabelhuset i Nyheim i Aurland ligg berre eit lite steinkast frå serveringsstaden Sognaporten.

Foto: Arne Veum

For det er ikkje berre inne i huset det er kablar. På baksida legg nødige vegfarande frå seg heilt andre kablar.

- Det er både flautt og ufyseleg. Eg har sjølv sett at heile busslaster med folk har vore bakom dette betonghuset. Det er mildt sagt lite moro å ha dette i nærområdet, seier innehavar av serveringsstaden Sognaporten, Inger Grindheim, til Sogn Avis.

Toalett etter stengetid

Vegfarande legg kablar bak kabelhuset.

- Dette ser ikkje bra ut, vedgår byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

Foto: Arne Veum

For serveringsstaden ligg berre eit steinkast frå kabelhuset. Så lenge Sognaporten er stengd, er Nyheim utan toalett. Grindheim seier til avisa at eit døgntilgjengeleg toalett har vore drøfta tidlegare med Statens vegvesen.

Ho meiner det er på tide å ta opp att denne drøftinga. Rune Dvergsdal i Statens vegvesen er samd i at ting tyder på at toalettkapasiteten i området er fro dårleg.

- Eit døgntilgjengeleg toalett hadde kanskje vore på sin plass, men dette torer eg ikkje å ha noko formeining om, seier han til avisa.

- Ser ikkje bra ut

At området er ein naturleg stopp for mange vegfarande er sikkert. I tillegg til serveringsstaden, er det også ein sjølvbetjent bensinstasjon og tilrettelagt parkeringsfasilitetar.

- Dette ser ikkje bra ut. At folk gjekk på do her, var eg ikkje klar over, vedgår Dvergsdal og lovar at vegvesenet skal finne ein måte å fjerne eller dekke til spora frå dei nødige vegfarande.