Formannen i Leeds sa nemleg at Bakke ikkje inngår i klubben sine framtidsplanar. Men sogndølen er snart speleklar, og deppar ikkje.
Eirik Bakke etter skåring for Leeds. Foto: Reuters/Scanpix
130 kampar for Leeds
Men sjølv om Eirik Bakke er i ferd med å bli skadefri, og sjølv om han har slite seg gjennom 130 kampar for den engelske klubben, vil dei ikkje fornye kontrakten hans. Det kunngjorde formann Ken Bates i kampprogrammet til seriekampen søndag.
- For dyr i drift
Og Eirik Bakke forstår at han og eit par andre spelarar er dyre i drift for klubben, no som laget ikkje lenger er i Premier League. - Men eg har att to år av kontrakten min med Leeds, så inntil vidare reknar eg med at eg blir i klubben, seier Bakke til NRK Sogn og Fjordane. Sjølv har han ikkje fått nokon beskjed frå klubbleiinga om at dei vil bli kvitt han. Før han eventuelt får det, reknar han seg som Leeds-spelar. Men kven veit? avsluttar han.