Hopp til innhold

Ein sommarslager

Kva smakar betre enn sommarfersk og tilbreda rabarbra? Her får du suppeoppskrift.

 

Rabarbrasuppe

Leskande og friskt til sommardagen.

Foto: Egil Torheim / NRK

RABARBRASUPPE - ein sommarslager

Lyst å laga suppa frå godt for ganen? Her kjem oppskrifta på den velsmakande varianten av den klassiske rabarbrasuppa.

I staden for å koka stilkane sønder og sammen kokar du berre opp ein del av rabarbraen i første omgang.

Slik går du fram:

1. Ta endane av stilkane dei er ofta knallraude.Ta ca 1 kg og ha dette i 1 liter vatn som du koker opp. Så har du i ei vaniljestang og let frøa berre vera i stanga. Tilset 1/2 kilo sukker.

2. Når dette er godt kokt silar du av slik at du berre har "krafta" att. Medan dette står og kokar finskjer du resten av rabarbrastilkane i tynne skiver. I den kokande krafta har du den finskårne rabarbraen.

3. Aus opp i serveringstallerken. Tilset nokre finskårne jordbær, ein klatt kesam eller sæterrømme og pynt med eitt blad mynte og eit blad sitronmelisse.

Rabarbrasuppe blir aldri det same etter dette.

rabarbrasuppe2

Med velsmakade tilbehør i form av kesam.

Foto: Egil Torheim / NRK

Vel bekomne!