Hopp til innhold

Ein omkom i bilulukke

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann i 40-åra omkom då bilen han køyrde small i fjellveggen på RV 55 ved Noreide i Høyanger like før midnatt.

Den omkomne er ikkje fast busett i Høyanger, men er frå Sogn og Fjordane.

Politiet fekk melding frå AMK om ulukka.

Mannen var åleine i bilen og ingen vitne skal ha sett kva som skjedde.

Helsevesen, brannvesen og politiet kom raskt til staden, men livet til mannen stod ikkje til å redde.

Operasjonsleiar Wenche Hope seier at politiet ikkje veit årsaka til at mannen small i veggen, men at dei etterforskar saka. Det har vore gjort åstadsgranskingar på ulukkesstaden.

Ifølgje politiet var det bar veibane på tidspunktet for ulukka. Vegen var stengd i to timar etter ulukka.