Hopp til innhold

Ein fjerdedel stryk på oppkøyringa

Ein av fire som skal ta førarkortet i Sogn, stryk på oppkøyringa. Mange har ikkje nok køyretrening når dei møter opp for å ta lappen.

Inge Grane (montasje)

MANGE STRYK: Høg strykprosent gjer til at mange må vente ekstra lenge på den rosa lappen. Seksjonsleiar Inge Grane seier mange må køyre meir før dei møter til oppkøyringa.

Foto: Camilla Bilstad/Kjellrun Lavik, NRK

Det er Sogn Avis som i dag skriv om den høge strykprosenten. Geir Bolstad ved Sogndal trafikkstasjon seier mange ikkje veit kva som er venta av dei.

– Mange får seg eit sjokk når dei finn ut kva dei skal kunne, seier han til avisa.

Uroa over dårlege køyrekunnskaper

Det er 24 prosent som stryk på oppkøyringa ved stasjonen som dekkjer indre Sogn, medan 41 prosent ikkje klarer teoriprøven når dei skal ta førarkortet for personbil.

Dette er ganske likt landstala, som viser at 25 prosent strauk på den praktiske prøven og 42 prosent på teorien i 2012.

Seksjonsleiar Inge Grane i Statens vegvesen seier det ikkje er sjølve strykprosenten som uroar dei. For dei som ikkje er gode nok, skal ikkje få førarkortet.

– Det uroar oss meir at det er mange som så vidt består. Vi kunne tenkt oss at fleire bestod førarprøven med glans. Vi har våre tankar om kva som må til for å få det slik, seier han til NRK.

– Kva er det som må til?

– Det er meir mengdetrening og erfaring. Det er det einaste som vil hjelpe.

– Kva er elevane dårlegast på?

– Det er mange som ikkje er trygge, for dei har ikkje køyrd nok. Til dømes er ikkje giringa automatisert. Når dei kjem på prøven, tek bilen for stor del av merksemda og dermed overser dei andre viktige ting i trafikken.

Mange droppar teorikurs

Medan det på 80-talet var mange godt vaksne personar som tok førarkortet, er det i dag flest unge. Teorikurset er frivillig og det er mange som droppar dette.

– Går vi 20 år tilbake, var det vanleg å ha teorikurs. Det er ikkje vanleg i dag. Dei fleste får kunnskap ved å lese heime og teste seg sjølv på internett før dei kjem til oss.

Men sjølv om strykprosenten er høg, har den vore stabil på oppkøyring i mange år. Stryk på teoriprøven har gått ned dei siste åra.

– I 2007 låg den på mellom 50 og 60 prosent, no ligg den på rundt 40. Den går alltid opp når det kjem nye prøveformer og så stabiliserer den seg. Eg trur den vil liggje på rundt 40 prosent framover også.

Ikkje så flaut å stryke

Grane seier mange unge ikkje er flaue over å stryke på teoriprøve, men at det er verre å ikkje klare den praktiske delen.

– Det å stryke på køyringa er ikkje kjekt, seier han.

– Kva er råda dine for at fleire skal klare begge deler på første forsøk?

– På køyringa er det mest mengdetrening. Det å lære seg det grunnleggjande og byrje tidleg på køyreskule. Køyr mest mogleg med foreldre eller andre vaksne personar. Når det gjeld teorien, er det å lese meir og vere godt budde.

Set i gang tiltak

Eit viktig tiltak har vore å reise rundt til skular og foreldremøte for å oppmuntre både foreldre og ungdom til å starte lærekøyringa allereie når dei er 16 år.

Statens vegvesen set no i gang eit prosjekt det målet er betre samarbeid ved køyreskulane slik at kandidatane er betre rusta når dei skal køyre opp.

– I byrjinga skal alle sensorar frå Odda, Voss, Sogndal, Eid og Førde møtast for å sjå kva vi kan gjere for å få betre samkøyring med køyreskulane. Målet er at fleire skal klare førarprøven ved å ha god nok kunnskap.

– La ungdommen vere privatsjåføren

Grane er også oppteken av at dei føresette må ta regien dersom ungdommen skal få lappen når det er 18–19 år.

– Spandér på dei nokre køyretimar når dei er 16 år og kom i gang. Det viser seg at dersom dei kjem over ein terskel der dei føler dei beherskar bilen, blir det gøy å lærekøyre. La ungdommen vere sjåføren i familien. La han eller ho køyre til hytta, butikken og på kino, seier han.