2. påskedag opnar Hardangervidda Natursenter Eidfjord sesongen med ny utstilling og nytt namn.
På Facebook-sida si opplyser dei at det nye namnet blir Norsk natursenter Hardanger.
Senteret skal no profilera seg som eit nasjonalt opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø.
Samstundes er det framleis eit besøkssenter for Hardangervidda Nasjonalpark.
Dagleg leiar Oddvar Brakestad vil førebels ikkje kommentera kva som er målet med å endra namnet og strategien, men seier dei vil invitera pressa i samband med sesongopninga i påsken.
Han seier likevel at det er gjort store investeringar i samband med endringa, og at dei har meldt det nye namnet inn til Brønnøysundregistra.