Hopp til innhold

E16 kan bli stengd i fleire dagar

Den flaumstore elva har gjort store skadar på E16. Vegen kan bli stengd i fleire dagar.

E16 stengd etter ras

STORT HOL: E16 er no stengd nokre kilometer søraust for Borlaugkrysset.

Foto: Arne Veum

Den flaumstore gravde ut muren ved Honing bru mellom Borlaugkrysset og Maristova, og vegbana har rasa ut.

Eit stort krater står att av det som var ein mykje trafikert veg. Ein støttemur under vegen har rasa heilt ut, og mykje arbeid må gjerast før vegen kan opnast att.

Må køyre Hemsedal

– Raset har øydelagt deler av vegbana. Vegen vil bli stengd i heile natt, og utover dagen i morgon. Kanskje kan vegen bli stengd i fleire dagar, opplyser vaktoperatør ved vegtrafikksentralen til Statens Vegvesen, Tore Tysse.

E16 frå Lærdal mot Filefjell og Valdres er dermed stengd, og bilistar som skal austover frå Sogn må velja riksveg 52 over Hemsedalsfjellet eller fylkesveg 53 Årdal-Tyin.

Oppdaga hol

Fire personar, som held på med vegarbeid i Lærdalsdalen, var på veg over fjellet for å hente utstyr, då dei oppdaga eit lite hol i vegbana.

– Då dei kika ned i holet såg dei rett i elva, kort tid etter rasa vegbana ut, fortel fotograf Arne Veum som var på staden for NRK Sogn og Fjordane.

Vasstanden i elvane i Indre Sogn er høg mange stader, og med meir regn fredag ettermiddag kan flaumvarslet til NVE slå til for fullt.

– Også Lærdalselvi er i ferd med å gå over sine breidder, fortel Arne Veum.