Dermed kan bygginga av ei ny bru ved Steinklepp ta til i haust. I alt skal det byggjast 8,5 kilometer ny veg, medrekna ein tunnel på 1,9 kilometer og tre bruer på strekninga Voldum - Borlaug.
Elendig veg
E 16 er ferdig ombygd mellom Seltun og Voldum og har fått god standard nesten til Steinklepp, og dermed framstår strekninga vidare til Borlaug som desto dårlegare: Smal, krokete, og med eit vegfundament som når som helst kan gje etter for stadig tyngre og stadig fleire vogntog. For trafikken på strekninga har auka kraftig etter at Lærdalstunnelen vart bygd.
Omdisponert
Etter planen skulle arbeidet på Voldum - Borlaug starte neste år, men bygginga av ei bru ved Steinklepp er det viktig å få i gang i haust. Difor blir 10 millionar kroner omdisponert til i år. Heile prosjektet omfattar 8,5 kilometer ny veg, medrekna 1,9 kilometer tunnel og tre bruer, og prislappen er 255 millionar kroner.