Sambandet kan nemleg bli inntil 150 millionar kroner dyrare enn tidlegare kjent.
Sjølve brua er i dag kostnadsrekna til 350 mill kr. Likevel er det klart fleirtal for å gje prosjektet løyvingar frå 2006. Det varierer kor mykje pengar partia vil punge ut med, og Venstre vil ikkje løyve pengar til Dalsfjordbrua i det heile i denne omgang.
Fylkespolitikarane går også inn for å løyve 80 mill kr til opprusting av riksveg 60 mellom Innvik og Olden etter 2006.
Og det blir 70 mill kr til vegen Måløy-Raudeberg, og det blir også midlar til vidareføring av Bremangersambandet.
I forhold til framlegget frå vegsjefen er det rassikring av Rv 55 i Fatlaberget som har ramla ut, medan vegen forbi Stedjeberget framleis er med. Tapar er òg Rv 57 Nistadli og 609 ved Stongfjorden. Likeeins ser det ut til at strekninga frå Nave i Vågsøy til Møre grense og Hornindal til Møre grense fell ut.
Potten som skal fordelast er på 920 mill kr. Politikarane har fordelt seg på fem forskjellige fraksjonar. Saka blir avgjort i fylkestinget i Førde 12. til 13. juni.