Hopp til innhold

Dvergdachs redda kattungane

Dei to kattungane som vart funne på Vangsnes tidlegare i veka har fått ei fostermor. Men det er ingen katt.

Dvergdachs med kattungar

Ronja er tålmodig

Foto: privat

- Eg fekk telefon frå Dyrebeskyttelsen i Førde om kattungane. For eg har ei tispe som har innbilt svangerskap, så ho produserer mjølk, seier Anne-Karin Skarsbø.

Redningshunden Ronja

Dvergdachs diar kattungar

Kattungane leitar etter pattane

Foto: privat

Onsdag etterlyste Dyrebeskyttelsen ei mor til to kattungar som vart funne under ein veranda på Vangsnes . Det kunne vera ei kattemor med ungar frå før, men det kunne også vera ei tispe med innbilt svangerskap. Løysinga vart det siste: Dvergdachsen Ronja i Jostedalen.

- Eg skal no ha kattungane til nokon vil adoptera dei. Så er det nokon der ute som vil ha dei, må dei kontakta Dyrebeskyttelsen.

Dvergdachs diar kattungar

Ingen tvil om at Ronja og kattungane har vorte gode venner.

Foto: privat

- Men inntil vidare er det omsorg så det held frå Ronja?

- Ja, i dag måtte eg bæra ho ut for å få ho til å gå på do?

- Vert det ikkje litt trist om nokon kjem og vil ha kattungane til Ronja, då?

- Nja. Ho har no fire katter att, så.