Hopp til innhold

Dronninga opna Førdefestivalen

Dronning Sonja fekk fleirspråkleg velkomsthelsing frå alle deltakarane under opninga av den 21. Førdefestivalen.

Storsalen var fullsatt med omlag 2000 menneske i Førdehuset under opningskonserten torsdag kveld. Til buldrande applaus kom Førdefestivalen sin høge beskyttar, H.M. Dronning Sonja, på scena.

Glad for å vere tilbake

Der vart ho møtt av deltakarane og vart helst velkomen på deira ulike nasjonalspråk. Ho heldt opningstale før konserten byrja.

– Eg er veldig glad for å vere tilbake i Førde, sa dronninga som er festivalen sin høge beskyttar.

Dronninga sa også at festivalen er kjend for det høge kunsterisk nivået og det spennande programmet.

– Eg sender dei beste ønskjar, og håper at dagane framover vil gi dykk mange flotte musikalske opplevingar.

OPNA FESTIVALEN

Dronninga Sonja heldt tale under opningskonserten torsdag.

Foto: Steinar Lote

Kuhmunen opna musikalsk

Då dronninga kom til Førdehuset vart ho motteken av festivaldirektør Hilde Bjørkum, fylkesordførar Nils R. Sandal og styreleiar Kristin Hille Valla. Ho fekk blomar av den svensk-samiske artisten Lars-Ante Kuhmunen. Det var også han som starta forestillinga musikalt.

Publikum fekk ein smakebit frå åtte av årets artistar.

BLOMSTERSPØK

Latteren sat laust då Dronning Sonja vart overrekt blomsterbukett frå festivalleiinga ved ankomsten utanfor Førdehallen.

Foto: Steinar Lote

Fridom og undertrykking

Årets festivaltema er fridom og undertrykking. Festivalen vil med hylle musikarar som ikkje let seg kneble, og feire musikken si enorme kraft og overlevingsevne.

Dronninga skulle eigentleg gjeste festivalen under jubileumsåret 2009, men grunna sjukdom vart vitjinga avlyst. Årets programleiar var Herborg Bryn.